Men ein av dei som klarte oppgåva, var Svein Berge frå Skjernøy. Han skriv til gjengjeld at oppgåva var såre enkel… ganske enkelt fordi han har vore der i strøket fleire gangar. Det er nesten så eg i rein misunnelse vil nekte å sende han ein premie, men no var det no ein gang han som blei trekt ut som vinner, så det får gå. Uansett; svaret var Popocatepetl i Mexico..
Då kan vi hive oss over ei ny oppgåve. Finn fram atlas, leksikon og gamle georgrafikunnskaper og finn ut HVOR I ALL VERDEN dette reisebrevet kjem frå. Og våre reisende er denne gang på veg til ein gammel ruinby.
Trur du du veit navnet på byen, så send løysinga via e-post til norgesglasset@nrk.no eller i posten til Norgesglasset, NRK 7005 Trondheim og merk konvolutten Hvor i all verden. Alternativt kan du ta mobilen din, skrive Glasset + svar og navn og nummer, og sende meldinga til 1987.
Våre farende fanter er tilbake neste uke til samme tid.