Ein bråte nordmenn har planar om å flykte til sørligare strøk i jula. Reiseselskapa melder om nesten fullbooka fly til Syden. Men det er nok ikkje så mange som skal dit våre farende fantar Jens A. Riisnæs og Sverre Tom Radøy befinner seg for tida, sjølv om det er ein varm stad. Vi er altså komne fram til vår faste reisekonkurranse Hvor i all verden, der vår oppgåve er å tippe kor radarparet Riisnæs Radøy sender reisebreva sine frå.
Men vi må utrope vinnaren frå forrige veke før vi hiver oss over denne vekas reisebrev. Og denne vekas trekning viser at det er viktig å ta med navnet når dokke sender inn svara. For den første som vart trekt ut som vinnar hadde gløymt å skrive navnet sitt, så vi kunne jo ikkje vite kven som hadde vunnet, sjølv om svaret var rett. Så vi trekte ut ein ny vinnar, og då vart det Laila Albrigtsen frå Herøy. Svaret var for ordens skyld Nairobi.
Vel, då kan vi sprette vekas reisebrev. Finn ut hvor i all verden dette reisebrevet kjem frå.
Trur du du veit navnet på dette området vi skal fram til, så send løysinga via e-post til norgesglasset@nrk.no eller på gamlemåten til Norgesglasset, NRK, 7005 Trondheim. Eller ikkje minst; send oss svaret som tekstmelding; skriv glasset pluss svar og navn og adresse og send til 1987. Våre farande fantar er tilbake neste veke til samme tid.