”Når ein utenriksminister ikkje kjem på noke meir, foretar han ei reise”, var det ein påstått smart fyr som sa ein gang. Det fekk meg til å tenke ”er det noken som har sett noke til han der Petersen i det siste, eigentlig?”
Kanskje våre omreisande ungkalvar Sverre Tom Radøy og Jens A. Riisnæs har møtt på han på sine mange reiser. Eg veit ikkje, eg! Dei nevnte han i alle fall ikkje sist onsdag, då dei sendte oss eit reisebrev til konkurransen vår Hvor i All Verden. Kor dei var, var dokka oppgåve å finne ut av, og det var visst enklare gjort enn sagt: vi har fått mange, mange riktige svar.
Men det er berre ein av dokke som får premie, og dagens heldige uttrekte var ein av dei som sendte svar som tekstmelding. Svaret var Budapest og dagens vinnar vart Per Jarle Solvang frå Ålesund.
Mens vi har vridd hjernane våre for å finne svaret på kor Riisnæs og Radøy var forrige onsdag, har dei forflytta seg til ein annan stad på kloden, og sjekka inn på eit staselig hotell. Og det er navnet på det, vi vil ha svaret på i dag.
Har du bodd på dette hotellet óg kanskje, i det minste i drømmane. Trur du du veit kva slags hotell det er snakk om, så send løysinga som tekstmelding til 1987. Skriv glasset, så svaret og navn og adresse, og send til 1987, altså.
Eller bruk e-post. Adressa då er norgesglasset@nrk.no. Eller skriv svaret ned på ein papirlapp og putt frimerke på. Postadressa er Norgesglasset, NRK 7005 Trondheim.