I forrige veke sat dei i ein av Europas mest berømte byar og fortalte at denne regionen har fått navnet etter svenskar frå Gøtaland og områda rundt, nemlig Goterne. Så er det navnet blitt dreid til Catalonia. Kor var dei?
Jo; ”Denne gangen trur eg av vi skal til La Rambla i Barcelona. Rambla betyr visst noke sånt som ”stri elv” på arabisk, og karane snakka om at navnet på gata betyr elva.”, skriver Alf Heimland frå Tromsø. Og det er fullstendig korrekt! Så då kan du sitte å glede deg over at du har ein premie i vente i posten, mens vi andre kastar oss over ei ny oppgåve. Finn ut kva slags by dagens reisebrev er postlagt i. Klikk på lenka i medieboksen for å høyre reisebrevet.
Har du navnet på byen, så kan du vinne eit Norgesglass. Send løysinga som ei tekstmelding til 1987. Skriv glasset + svar og navn og adresse, og send den til 1987.
Eller send ein e-post til norgesglasset@nrk.no
Det er ikkje det at vi har det så travelt, så du kan óg svare i vandrepost:
Norgesglasset
NRK P1
7005 Trondheim
Norgesglasset NRK P1 19.05.2004