I forrige veke var vi i den nest største fransktalande byen i verden, i landet som først blei oppdaga av Leif Eirikson. Vi ville ikkje røpe kva byen heitte, men det gjorde ikkje noke. For det visste Anton Olsen frå Olderdalen. Svaret var Montreal i Canada. Og slik kunnskap fortjener eit Norgesglass i premie.
Då skal vi ut og reise igjen, ikkje på juleshopping i London eller for å feire jul med ein solbrun nisse på spanskekysten. Såpass kan eg røpe. Nei, det blir meir eksotisk enn som så!
Men meir kan eg ikkje seie. Dette får dokke nesten finne ut av sjølv. Som vanleg erJens A. Riisnæs og Sverre Tom Radøy guidane, men kor i all verden har dei sendt reisebrevet frå. Vi vil ha navnet på ein by.
Veit du navnet på byen, så kan du vinne eit Norgesglass og ein badebag som passar perfekt til neste Syden-ferie. Send løysinga som tekstmelding for eksempel. Då skriver du glasset og så svaret og ditt navn og di adresse og sender meldinga til 1987.
Eller bruk e-post; då er adressa norgesglasset@nrk.no, eller sysselsett postmannen no i desse rolige juletider; postadressa er Norgesglasset, NRK, 7005 Trondheim.
Våre farande fantar er tilbake neste veke til samme tid.