I forrige veke tøffa dei rundt på ein stor kunstig innsjø som er oppkalla etter ein av landets tidligare presidentar. Vi fekk vite at det i alle fall hadde vore store ruinkompleks på det som no er sjøbotnen.
Kor i all verden var dei?
Det visste Terje Bernt Norstrand frå Lom. Riktig svar er NASSERSJØEN i Egypt, skriv han, og noke særlig meir korrekt enn det kunne det ikkje ha vore. Så vi sender ein premie til han for det!
Då er det vel berre å kaste seg over ei ny oppgåve. HVOR I ALL VERDEN kjem dette reisebrevet frå. Og våre reisande er denne gang på veg oppover. Klikk på linken i mediaboksen for å høre reisebrevet.
Trur du du veit navnet på fjellet, så send løysinga via e-post til norgesglasset@nrk.no eller i konvolutt til Norgesglasset, NRK 7005 Trondheim og merk konvolutten Hvor i all verden. Eller ta fram mobiltelefonen og send oss svaret som tekstmelding. Skriv kodeordet Glasset, så svar og navn og adresse, og send til 1987.