Vel, vi kan bli misunnelige. Eller så kan vi berre vere glade for at dei i det minste sender oss reisebrev med jevne mellomrom, som vi lagar ein konkurranse av ved å tippe kor brevet er sendt frå.
I forrige veke tok dei ein av byens mange kabelbaner og såg ned på ei travel havn, der mang ein norsk sjømann har lasta guaino, eller fuglegjødsel. Vi fekk vite at dette er ein av landets finaste byar, at den ligger rett vest for hovedstaden, og at Evert Taube har sunge om den.
Jens var litt redd han villeda meir enn han veileda då han prøvde å nynne visa, men i så fall var det mange som havna på rett villspor, og svarte som korrekt er; at vi skulle til Valparaiso i Chile.
Vi har trekt ut Helene-Marie Moen frå Greåker som den heldige vinner av eit Norgesglass i dag. Gratulerer! Premien er på veg i posten.
Vi andre, vi får berre samle tankane å prøve å finne ut HVOR I ALL VERDEN dette reisebrevet kjem frå. Klikk på lenka i medieboksen for å høyre reisebrevet. Igjen vil vi ha navnet på ein by.
Har du navnet på denne byen, så send oss ei tekstmelding. Du må først skrive "glasset" og så svaret, og meldinga sender du til 1987.
Eller send løysinga via e-post til norgesglasset@nrk.no eller via postmannen til:
Norgesglasset
NRK P1
7005 Trondheim
Norgesglasset NRK P1 15.09.04