Viss du ser ut som på passbildet ditt, så trenger du etter all sannsynlighet reisa, var det ein som sa. No høyrte eg at italienerane er meir flaue over å vise passbildet sitt enn å gå med smekken open. Det var gjort ein undersøkelse på det, visstnok. Og blant oss nordmenn var det berre to prosent som skamma seg over passbildet, med andre ord er vi nok ikkje særlig lik oss på bildet, men har hatt eit usannsynlig heldig øyeblikk.
Uansett; når vi no skal ut på reise her i Norgesglasset, kan du la passet ligge i fred. Vi har liksom vår eigen lille Schengen-område-variant her i radioen.
Men det er altså klart for vår faste reisekonkurranse Hvor i All Verden, der Jens A. Riisnæs og Sverre Tom Radøy sender oss uadresserte reisebrev, og så er det vår oppgåve å finne ut kor dei er.
I forrige veke var dei i ein av Kretas mest berømte byar. Det var det mange av dokke som visste, men kor på Kreta var det litt verre med. Dokke har liksom spreidd dokke jevnt over øya, men Herleif Bjerkeng frå Dilling traff blink. Byen Chania var det vi skulle fram til, så då er både eit Norgesglass, ein badebag og ein CD med det filosofiske hjørne på veg til Dilling.
Då har vi ei ny nøtt. Du trenger ikkje nøtteknekker, og fortsatt ikkje pass. Berre skarpe øyrer og ei bøtte georgrafikunnskaper… Vi skal til eit chartermål, og di oppgåve er å finne ut kva slags land dette chartermålet ligg i. Klikk på linken i mediebosken over for å høyre innslaget.
Trur du du veit navnet på landet, så send løysinga via e-post til norgesglasset@nrk.no eller i posten til Norgesglasset, NRK 7005 Trondheim og merk konvolutten Hvor i all verden.
Alternativt kan du ta mobilen din, skrive Glasset + svar og navn og nummer, og sende meldinga til 1987. Våre farende fanter er tilbake neste uke til samme tid.