Vel, dei har jo laga ein konkurranse ut av det heile. Kor i all verden er dei. Dei er vår oppgåve å finne ut av. I oppgåva i forrige veke røpte dei at dei var på safari i kanskje verdens mest berømte villdyrreservat. Svaret er Serengeti i Tanzania, skriver Frank Siljan, og det er heilt korrekt. Det var veldig mange av dokke som hadde riktig svar, men Frank Siljan er den heldige som i tillegg vart trekt ut, og får eit Norgesglass i premie.
Då får alle dokke andre berre bite i dokke skuffelsen, og prøve på nytt. For vi har fått eit nytt reisebrev, og utifrå poststempelet å dømme, så skal vi vel fram til ein by.
Trur du du veit navnet på staden, ikkje der du er, men der Riisnæs og Radøy er, altså, så skriv det inn på mobiltelefonen din og send som tekstmelding. Du må skrive glasset først, og så navnet på byen og ditt navn og di adresse, og send meldinga til 1987. Eller send løysinga via e-post til norgesglasset@nrk.no eller sammen med julekorta til Norgesglasset, NRK, 7005 Trondheim.
Dei reisande rakkarane våre er tilbake neste veke til samme tid.