I "Hus og hjem" flyttar ei ung kvinne tilbake til småbyen der ho vaks opp, etter å ha budd nokon år i København. Mannen hennar skal flytte etter om nokre veker.
Og det kunne ha skjedd riktig mykje spennande her: I møtet med dei gamle venninnene, eller heime hjå den kjekke, ugifte presten i nabohuset. Og kvifor kjem ho aldri i gang med å pusse opp og pakke ut av kassene? (Og er ho eigentleg lukkeleg saman med mannen sin?) Helle Helle legg ut mange slike typiske romanmotiv, utan å følgje opp eitt einaste av dei.
Hovudpersonen- som stilriktig har fått namnet Anne- gjer ingenting ut av nokonting, og det verste er at ho ikkje eingong bryt saman. Kva er dette?
Blod og perversjonar
Dei siste åra har forfattarane forsynt seg grådig av det dramatiske: Vi har hatt seriemordarar og sjølmordarar, pedofile og pornografar, vi har hatt samlivsbrot og nervesamanbrot og vi har fått lov til å kome under huda på dei mest bisarre typar. Nattborda har dryppa av blod og perversjonar.
"Hus og hjem" er i den andre enden av skalaen. Anne held oss på avstand. Eit besøk hjå den kjekke presten er skildra slik: "Vi deler en flaske vin og ler masse. Først utpå kvelden slutter det å snø, og jeg går hjem og får hengt opp en hylle på badet."
Dette er ein handlingsfattig roman, som er i slekt med Kjell Askildsen, Øystein Lønn og Trude Marsteins bøker. I denne typen litteratur må det liggje ei spenning i det usagte, ellers er boka fullstendig død og fortapt.
Befriande
Men viss denne spenninga eller uroa finst, kan slike bøker konkurrere ut det meste. Det er ei glede å få lov å lese ting inn i og ikkje berre ut av bøker. (Og det kan vere befriande å sleppe å vere under huda på romanfigurane heile tida.)
Spørsmålet er då om Helle Helle maktar å skape denne uroa, og svaret er - ja. Sjøl om eg synst ho tonar dramatikken endå meir ned enn dei andre, og eg måtte lese boka to gonger før eg greidde å bestemme meg.
Men denne tvilen kan jo også kome av at sanseapparatet har blitt sløva av all dramatikken i andre deler av samtidslitteraturen.
Marta Norheim
Sendt i Kulturnytt 21.02 2001
Bearbeidet for nett av Christopher Grøndahl