Det var viktig for nye vikingkongar å bu der det hadde budd kongar tidligare. Det viste liksom at dei hadde eit forhold til den gamle kongen, og det gav dei meir respekt hos dei andre vikingane.
Trakka saman kubæsj!

Fint med kubæsj mellom tærne! Foto: NRK
Kunne du tenkt deg å ha eit hus av kubæsj? Nei, sjølvsagt ville du ikkje det, men det hadde vikingane. Dei laga husvegger ved å blande leire, strå og kubæsj. Denne blandinga blir nemleg veldig slitesterk. I tillegg held hus som er laga av leire og liknande på varmen om vinteren og held seg kalde om sommaren. Og det er jo ein fordel. Men det kan ikkje vera noko kjekt å vera den som må blande kubæsjen med leira og stråa. Det gjorde dei ved å helle alt saman i eit hol i bakken, og så trakka dei i det til alt var blanda. ÆSJ!
Kven gjorde skitjobbane?
Trur du vikingane gjorde jobben med å blande kubæsj og leire sjølv? Å nei, det var det trellane som gjorde. Ein trell var som ei tenestejente eller gardsgut som hjelpte til på vikinggardane. Dei vaska, stelte i huset, blanda kubæsj, laga mat, passa på husdyra på garden og gjorde i grunn det meste av arbeidet. Det var kona til vikingen som bestemte på garden og var sjef for alle trellane. Jo rikare du var, dess fleire trellar hadde du.
Korleis det er på Avaldsnes, og meir om korleis det er å vera viking, skal eg læra meg på søndag.