I Eigersund og Kristiansand held eitt av dei mest lukka kyrkjesamfunna i Noreg til. Dei blir kalla "lomelendarar" og "sterktruande". Det offisielle namnet er "Menigheten Samfundet". Tilsaman er vel 1500 menneske med i den gammal lutherske rørsla på Sør-Vestlandet. "Menigheten Samfundet" vil helst leva sitt religiøse og sosiale liv for seg sjølv. Dei utdannar sine eigne prestar og lærarar og dei har sine eigne grunnskular. Ringen rundt "Samfundet" har vore så sterk at mange av dei som har brote ut, har mista kontakt med slekt og venner som er igjen på innsida.
"Samfundet" vart danna på grunn av ei inderleg religiøs overbevisning. Endringar i statskyrkja på 1800-talet fekk ei gruppe sterktruande til å bryta ut og danna sitt eige kyrkjesamfunn i 1890. Ingen andre sanne kristne var att i statskyrkja.
Programskaparen Kari Hesthamar har forsøkt å spegla eit samfunn og ein religiøs kvardag som er ulik frå den dei fleste av oss kjenner.
HUNDREOGNI ÅRS EINSEMD
- eit møte med dei sterktruande på Sør-Vestlandet
Av Kari Hesthamar.
Teknisk regi: Mari Skoe Runde
Konsulent: Gyrid Listuen