Hopp til innhold

Hundeliv og folkeskikk

Nokre er viltre og glade, andre litt forsiktige og engstelege. Målet er det same for alle: Å bli trygge og sosiale i omgang med andre, både firbeinte og tobeinte. Norge Rundt er på kvalpekurs i Bergen.

Fanget fullt av viltre kvalpar
Foto: NRK / NRK

NRK1, fredag 17. august kl. 1930.

- Like barn leikar best, seier Rune Fjellanger. I 1988 starta han  Fjellanger Hundeskole som eit kurs- og treningssenter for hund og eigarane deira. På kvalpekursa deler dei deltakarane inn i grupper etter alder og storleik. Målet er ikkje først og fremst å lære kvalpane og adlyde kommandoar som ”sitt” og ”dekk”, sjølv om dei også trenar på dette.

Rune Fjellanger

Rune Fjellanger er ein engasjert hundemann.

Foto: NRK / NRK

Det viktigaste er at kvalpane lærer seg omgang med andre hundar og menneske – og at eigarane deira får lære seg teknikkar for å trene kvalpane heime. At kvalpane på kurset er om lag like store er viktig for å hindre at fysisk store kvalpar dominerer dei mindre.

Espen Krüger Andersen er instruktør på Fjellanger Hundeskole.

Espen Krüger Andersen er ein av instruktørane på Fjellanger Hundeskole.

Foto: NRK / NRK

Tidleg start

Til yngre kvalpane er når dei kjem på kurs, til mindre er risikoen for at dei utviklar problemadferd seinare i livet. Aller helst bør treninga starte i god tid før dei er fire månader gamle.

- Kvalpen utviklar seg heile tida, og etter fire månader kjem han inn i fryktfasen, forklarer Fjellanger. Då oppfattar han verda på ein annan måte enn før. Ting som han tidlegare ikkje opplevde som farleg kan brått bli veldig skummelt.

Kvelpar, illustrasjon

Liten pause i den viltre leiken.

Foto: NRK / NRK

På kurset får kvalpane leike fritt i eit trygt miljø, med instruktørar som heile tida passar på. I slik sosial omgang med andre kvalpar lærer hundane kva som er god hundeskikk, dei lærer bittkontroll og høfleg omgang med andre hundar.

Hundespråk

Ikkje så farleg som det ser ut.
Foto: NRK / NRK

- Hundar snakkar med heile kroppen, både med kvarandre og med menneska rundt seg. For ein hund er det å sjå han rakt i augene og vise tenner teikn på aggressivitet. Derfor må hundar lære å takle klossete helsing frå folk, seier Fjellanger. For langt frå alle veit at den beste måten å helse på ein hund på, er å sette seg på huk og rette fram handa, med hovudet litt bortvendt. På den måten kjem ein nærare augehøgda til hunden, så han slepp å hoppe opp for å få kontakt. Ved ikkje å sjå han direkte i augene, viser ein vennskapelege hensikter.

- Målet vårt er at hundane på kursa våre skal bli gode familiemedlemmer og ”samfunnsborgarar”, seier Fjellanger. Då er det viktig at eigarane forstår hunden sitt språk, adferd og behov.

Rett til fred

Hunden skal vere den som er lågast på rangstigen i ein familie. Men han skal likevel ha rettar.

- Dei to viktigaste er retten til fred når han går til soveplassen sin, og rett til sosial omgang med andre hundar, seier Fjellanger.

Programleiar May Britt Haukås med ein ny ven.

Programleiar May Britt Haukås med ein ny ven.

Foto: NRK / NRK

 

 

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.