Hopp til innhold

Trur ikkje «bunadens mor» hadde vore like streng som bunadspolitiet

– Det er ei tydeleg linje mellom moderne festdrakt og bunadens mor, Hulda Garborg, seier forfattaren av Norsk bunadleksikon.

Hulda Garborg

BUNADENS MOR: Hulda Garborg (1862 - 1934).

Foto: Samlaget

Ein stor gjeng festdraktkledde menneske har samla seg inne på ein bar sentralt i Oslo, trass i at sola skin over hovudstaden. Sett bort frå at dei frammøtte er i godt humør, har dei også ein annan ting til felles:

Dei er alle ein del av ein sytrend.

Festdrakt

Festdraktarrangementet i regi av Fæbrik samla mange syglade menneske.

Foto: Ingrid Nedrebø / NRK

Fleire og fleire syr nemleg sine eigne, fritt komponerte festdrakter.

Trendane har skapt debatt, og får både ros og ris. Men bunaden har vore ute ei vinternatt før.

Bunadens mor

Vi skrur tida tilbake til den gongen Oslo heitte Christiania og Noreg var i union med Sverige.

På slutten av 1800-talet har ei bestemt dame med namn Hulda sett i gang eit bunadsprosjekt ho ikkje anar ringverknadene av.

At prosjektet skal gjere henne til «bunadens mor», kan ho berre drøyme om. Men målet Hulda har sett seg for auge er svært radikalt: Ho vil ta den gamle folkedrakta inn i ei ny, moderne tid.

Hulda Garborg

Hulda Garborg ikledd bunad frå Hallingdal. Ho var ei driftig kvinne som i tillegg til å vere pioner innan folkedans, bunadsbruk og kvinnekamp, var forfattar, folkeopplysar og målkvinne.

Foto: Eivind Enger / Nasjonalbiblioteket

Med utgangspunkt i folkedrakter frå Hallingdal, tar ho fatt på «prosjekt bunad».

For å kome i mål, må ho finne ut kva element frå dei eldre draktskikkane som får bli med vidare og kva som må skrotast.

Ville slå ut håret

Hulda hadde idear og tankar som vart sett på som svært moderne i samtida hennar, fortel Bjørn Sverre Hol Haugen, førstekonservator på Norsk Folkemuseum i Oslo.

Bjørn Sverre Hol

Bjørn Sverre Hol Haugen kan det meste som går an å vite om bunader og norsk draktskikk. I tillegg er han forfattaren bak Norsk bunadsleksikon.

Foto: Ingrid Nedrebø / NRK

– Til dømes såg Garborg kor hemmande det var for kvinner å gå med korsett. Hulda skapte bunader tilpassa kvinnekroppen, ikkje korsettet. På den måten kjempa ho kvinnekamp gjennom draktskikk.

Hulda forenkla draktene, tilpassa til ny bruk, endra passform, men skapte også heilt nye bunader. Ho var på mange måtar fri i sitt arbeid, samstundes som ho var svært oppteken av at det skulle vere ei forankring i det gamle.

Hol Haugen peikar på eitt val som var spesielt fritt:

– Hulda var redd for at hennar brusete, mørke hår, som ho var så stolt av, ville bli øydelagt av den stramme håroppsettinga som høyrde til hatteplagga. Difor erstatta ho det med ei forenkla hue slik at alle kunne sjå håret hennar.

Hulda Garborg-bunaden

Garborg nærmast designa nye bunader bygd på element frå den gamle draktskikken. Her ser vi den typiske Hulda Garborg-bunaden med broderi og ullstoff. Når ho møtte andre på sin veg, rettleia ho dei til å lage eigne bunader knytt til deira heimstad.

Foto: Ingrid Nedrebø / NRK

Gløymt namn med levande arv

Hulda Garborg sette ein standard for bunadsbruk for over 100 år sidan. Måten vi nyttar bunad på i dag, kjem i stor grad frå henne, fortel Hol Haugen.

Likevel blir ho sett på som ein gløymd nasjonalhelt, men som ifølge førstekonservatoren lever vidare på andre måtar.

– Eg trur det går ei klar linje direkte frå Hulda Garborg sine idear frå 1890-talet fram til dagens bunadsglede og mangfald. Interessa for å laga noko sjølv har ei veldig tydeleg forankring i ideane hennar.

På same måte som Hulda i si tid tilpassa bunaden til kvinnekroppen, vert bunads- og festdraktskikken i dag utfordra på nye måtar og tilpassa vår tid.

Festdrakt

Nico Scharning Gram i moderne festdrakt.

Foto: Ingrid Nedrebø / NRK

Tilbake i Bjørvika i Oslo den solfylte maidagen, snakkar NRK med Nico Scharning Gram. Ho er ei av dei som har teke i bruk bukser i festdrakta si.

– Det er fordi eg ikkje er så glad i å gå med skjørt. Då er det fint å finne noko som passar det eg likar å gå med, samt utfordre dei klassiske herre- og kvinnemodellane.

Kort veg frå festdrakt til bunad

Saman med Nico i Bjørvika er det fleire som nett har oppdaga gleda med skape og sy noko sjølv.

Gjertrud Stange Rasmussen er ei av dei. Ho trur vegen frå å sy festdrakt til å sy bunad er mykje kortare enn om ein ikkje hadde hatt med seg erfaring med å sy festdrakt.

Festdrakt

Gjertrud Stange Rasmussen (i kvitt med ryggen til) får mykje skryt over arbeidet ho har lagt ned i festdrakta si.

Foto: Ingrid Nedrebø / NRK

– Ein lærer mykje av å sy og setje saman ei heil festdrakt. Plutseleg kan det hende at ein hiv seg på eit bunadsprosjekt!

Bjørn Sverre Hol Haugen trur det ligg noko att frå den gløymde nasjonalhelten når ein vel å ta fram symaskina.

– Vi må få bort den redsla for å prøve seg på praktisk handverksarbeid. Ja til alle som ønskjer å våge seg frampå med å sy noko sjølv!

Kva trur du Hulda ville tenkt om festdrakttrenden?

– Det er vanskeleg å setje seg inn i hovudet hennar, men eg trur ho ville heia det fram. Ho var ikkje så veldig streng!

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.