Mannen hadde funne den merkelege larven på godsterminalen i Trondheim, og han lurte på om larven kunne ha komme frå utlandet. Men Newtons faste biologiekspert, Alex Strømme, kunne fortelje at dette var ein erkenorsk larve med namnet Kvit gaffelstjert. Altså var han ikkje ein eksotisk utlending, men veldig tøff likevel.
Gaffel på rompa
Det rare namnet, gaffelstjert, har larven fått fordi han har to utvekstar,
"Gaffelen" på rompa til larven. Foto: NRK
eller "gaflar", på bakenden sin. Ut frå desse utvekstane kan han skyte ut røde trådar som han brukar til å vifte med når han blir forstyrra eller redd. Vi likte larven så godt at vi bestemte oss for å adoptere han som kjæledyr. Larven fekk eit fint bur å bu i, og han fekk ferske bjørkeblad til mat. Yndlingsmaten til kvit gaffelstjert-larvar er nemleg bjørk og or. Larven må ha vore veldig svolten, for han åt og åt og vart skikkeleg stor og tjukk. Men ein dag vi kom på jobb var larven plutseleg borte! Han var blitt til ein puppe inne i buret.
Forvandling
I heile vinter har den forpuppa larven budd ute på verandaen til Unni, og alle var veldig spente på om han kom til å overleve og bli til ein sommarfugl. Men tida gjekk, og ingenting skjedde. Vi byrja å gi opp håpet. Kanskje det hadde vore for kaldt for larven? Men så, i forige veke, skjedde det noko utruleg. For sjekk kva som var komme ut av puppen; ein kjempefin, litt lodden sommarfugl!
Ein fiks ferdig Kvit gaffelstjert-sommarfugl på handa til Unni. Foto: NRK
Larve som kjæledyr?
Viss DU finn ein larve kan du prøve å huse han over vinteren slik som vi gjorde. Det einaste du treng er eit bur eller ein behaldar med nett slik at larven ikkje kan stikke av, og litt mat som larven likar (du finn informasjon om kva dei ulike larvane et på denne sida: Norske sommarfuglar). Neste vår har du ein sommarfugl i buret i staden for ein larve!
Lurar du på kor sommarfuglen til Newton er no? Han flyr omkring i Trondheim, og prøver å finne ein make som han kan lage små larvar saman med!