P2s Jungeltelegrafen inviterte til nettdebatt med Midtausten-kjennar Kai Kverme. Her kan du lese alle innlegga.
Musikk er ein del av kvardagen til muslimar verda over. Det er likevel ikkje slik at musikk generelt sett blir godteke innan islam. I nokre område har musikk blitt totalt forbode – som i Afghanistan under Taliban og no sist i
.– Det rår stor usemje innan islam om musikkens status, og den går på kryss og tvers av tradisjonelle skilje, seier Kai Kverme, som er mastergradsstudent i arabisk og forskingsassistent ved Institutt for kulturstudier og orientalske språk ved Universitetet i Oslo.
– Både sjia- og sunnileiarar har til dømes gått ut med forbod mot musikk. I dei mest konservative miljøa har ikkje musikk nokon som helst plass. Ein meiner at musikken tek bort merksemda frå Gud og leier til synd.
Likevel meiner Kverme at musikk er viktig for fleirtalet av muslimar, også i Noreg.
Han forklarar nærmare i denne videoen:
Røter i sufismen
Tradisjonelt har det meste av musikken innan islam vore knytt til sufismen, den islamske mystikken. Mange av vår tids største afrikanske og arabiske artistar er sterkt påverka av denne retninga innan islam. Mellom artistane som reknar seg som sufi, er den senegalesiske verdsstjerna Youssou N'Dour. I 2004 gav han ut plata «Egypt» som eit uttrykk for sin sufisme.
Her kan du høyre utdrag frå plata:
Trendy med tru
Det finst også mange muslimske popartistar som ikkje er spesielt opptekne av sufisme.
– Artistane kan gjerne lage svært utfordrande musikkvideoar, men likevel vere opptekne av å framstå som gode muslimar – nærmast som ein del av merkevarebygginga. Den egyptiske popstjerna Amr Diab er eit godt døme på dette.
På videoen under skildrar Kai Kverme denne nyreligiøse tendensen:
På "Diab TV" på
kan du sjå Amr Diab både vise musklar og reklamere for brus – og høyre han synge ei islamsk bøn.