Hopp til innhold

House of Cards-presidenten får henge med Nixon

President Frank Underwood frå Netflix-serien «House of Cards» får henge saman med portrett av fleire amerikanske presidentar i eit museum i Washington.

USA-ENTERTAINMENT/ Actor Kevin Spacey beside his House of Cards portrait in Washington

Kevin Spacey ved sidan av portrettet som blei avduka ved det nasjonale portrettmuseet i Washington.

Foto: KEVIN LAMARQUE / Reuters

Eit nesten to meter høgt portrett av Kevin Spacey som president Frank Underwood i Netflix-serien «House of Cards» blei avduka ved National Portrait Gallery i Washington måndag kveld.

Det er den britiske kunstnaren Jonathan Yeo som har laga portrettet. Fram til oktober skal biletet henge saman med fleire portrett av verkelege amerikanske presidentar, skriv The Guardian.

Avdukinga skjedde samtidig som den fjerde sesongen i «House of Cards» blir lansert på Netflix. Fredag 4. mars slepper strøymetenesta alle dei nye episodane i serien.

I godt selskap

ART-JONATHANYEO/DELEVIGNE British artist Jonathan Yeo speaks during an interview at his studios in London

Kunstnaren Jonathan Yeo har tidlegare portrettert både David Cameron og Malala Yousafzai.

Foto: DYLAN MARTINEZ / Reuters

Underwood skal henge saman med portrett av presidentar som Richard Nixon og Lyndon B. Johnson. Portrettet av den første amerikanske presidenten, George Washington, blir fjerna neste veke for å bli restaurert.

«House of Cards» er serien som har fått skulda for at tv-strøyming fekk eit gjennombrot, og var den første serien Netflix produserte sjølv.

Portrettet til Yeo viser ein president som sit ved eit skrivebord og stirar tilbake på publikum med det karakteristiske kalde blikket, kjent frå tv-serien. Under avdukinga sa kunstnaren at han ønska å gjere publikum ukomfortable.

– Underwood ville vore nøgd

Frank Underwood og konen Clair fra House of Cards

Kevin Spacey som Frank Underwood i 'House of Cards'.

Foto: Nathaniel E. Bell / Ap

På spørsmål om kva Underwood ville ha sagt om portrettet, svarte Spacey:

– Når du samanliknar det med kva Frank bruker store delar av tida si på, som er å sjå deg rett inn i augo og fortelje deg akkurat kva han tenker, trur eg han ville ha vore nøgd med det.

Jonathan Yeo har tidlegare portrettert både George W. Bush, David Cameron, prins Philip og Malala Yousafzai. Portrettet av Kevin Spacey som Frank Underwood skal henge i museet fram til oktober.

Men Underwood er ikkje den første fiksjonsfiguren som har hamna på veggen i National Portrait Gallery i Washington. Andre eksempel er skodespelaren Ira Aldridge som Othello, Ethel Merman som Annie Oakley i «Annie Get Your Gun» og Robin Williams som Mork i «Mork & Mindy».

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)