Hopp til innhold

Johanne, vår fyrste hoppdronning

Sjølv om ho hoppa like langt som karane fekk ho ikkje hoppe i Holmenkollen. Men i USA blei Johanne Kolstad skidronning!

Visittkort, Johanne Kolstad
Foto: Privat, Knut Aastad Bråten

Johanne Kolstad, Wisconsin 1935
Foto: Privat, Knut Aastad Bråten

- "Her skal det ikke være noe sirkus, kvinnelik skal ikke dras ut av hoppbakken!"

Slik forklarte major Finn Quale avslaget då Skiforeningen i 1931 blei bedt om å sleppe til kvinner i Holmenkollen.

Då hadde Johanne Kolstad nettopp hoppa 46,5 meter i Midtstubakken i Oslo.

"Verdensrekord på ski for damer", skreiv idrettsbladet Sportsmanden. Men majoren var ikkje like imponert som journalisten.

Blei kjendis i USA

Vår fyrste hoppdronning måtte til USA for å bli anerkjent.

Johanne Kolstad

Johanne Kolstad på Waldorf Astoria, luksushotellet i New York

Foto: Privat, Knut Aastad Bråten

- Ho blei invitert av norske skiklubbar i USA tidleg på 30-talet. På den tida var det vanleg med store, spektakulære ski- og is-show, og dei ville gjerne ha med bestemor på det.

Det seier Knut Aastad Bråten frå Fagernes. På fanget til bestemor i Valdres fekk han høyre heilt andre eventyr enn nabogutane fekk, i mange år inneheldt Johanne Kolstad sin kvardag raude løparar og champagne.

- Det var jo som eit eventyr for oss barnebarna å høyre om, seier Knut Aastad Bråten.

Verdsrekorden heldt i 40 år

20 000 tilskodarar ser den fyrste oppvisninga i Chicago, og i 5 år turnerer skidronninga over heile Nord-Amerika.

Høgdepunktet kjem i New Hampshire 6. mars 1938. Johanne Kolstad set verdsrekord for kvinner med 72 meter, ein rekord som blir offisielt godkjend. Den rekorden blir 40 år gammal.

- Ho hevda seg med menn i si eiga samtid. Ho var i toppen både i Norge og internasjonalt. For henne handla det om å slå gutta, seier barnebarnet Knut.

Ei ski-jente frå Nordre Land

Kolstad lærte å hoppe på ski i oppveksten, på Nordre Land i Oppland. Saman med venninna Nusse blei ho nasjonal yndling i dei norske hoppbakkane.

Men kvinnene fekk ikkje konkurrere i store meisterskap, det fekk holde at dei var maskotar og trekkplaster som opna hopprenna.

Norske hoppkvinner i London, 1939

London 1939: Johanne Kolstad (t.v.), systra Kitty Kolstad, Peik Jarlum og Fru Knudsen.

Foto: Privat, Knut Aastad Bråten

Baksida av medaljen

Johanne Kolstad buset seg i Valdres når ho flyttar attende til Norge. Tre av syskena hennar bur her. Men ho finn seg ikkje til rette med livet som kvinne på den norske landsbygda. Grytene er ikkje godt selskap.

Knut Aastad Bråten

Barnebarnet Knut Aastad Bråten seier det ikkje var lett for Johanne å komme heim etter suksessen i USA.

Foto: Knut Aastad Bråten

- Livet blei snudd opp ned. Ho gjekk frå å vere glamorøst idrettskjendis i Amerika til å bli ei kone i det stille Valdres. Utanom sin eigen familie, delte ho einsemda med sin eigen skjebne: alkoholen.

- Me tykte synd i henne, men me skjøna kvifor ho kjende det slik. Me tok parti med henne, seier barnebarnet.

Sytti år før Sagen

I forkant av framvisningane i USA blei Johanne Kolstad kalla "The Queen of Skis", og "World Champion Woman Ski Jumper".

Denne veka får kvinner endeleg delta under VM i hopp. Kanskje blir Anette Sagen frå Mosjøen tidenes fyrste kvinnelege verdsmeister?

Johanne Kolstad, Chicago 1935
Foto: Privat, Knut Aastad Bråten

- Det er trist at bestemor ikkje fekk oppleve dette. Og det er eit paradoks at det har teke så lang tid.

- Kva trur du bestemor di ville sagt om ho levde i dag?

- Eg trur ho ville ha sagt: Endeleg! og ho ville gleda seg veldig over dei norske hoppjentene.

Høyr Johanne Kolstad sjølv fortelje om hopp-eventyret sitt:

Kulturstrøm

  • EUs forhandlinger om KI på overtid

    EU-parlamentarikere og EU-landene forhandler torsdag morgen på overtid om et nytt regelverk for kunstig intelligens (KI) i unionen, ifølge kilder.

    Forhandlingene er nå inne i sitt andre døgn. Målet er å få på plass det som ventes å bli et banebrytende regelverk for blant annet bruken av KI-systemer som tekstroboten ChatGPT. Fortsatt gjenstår flere sentrale spørsmål, blant dem bruk av KI til ansiktsgjenkjenning, i politiets arbeid samt kildekodetilgang.

    Forhandlingene foregår bak lukkede dører og hadde torsdag morgen pågått i 17 timer. En pressekonferanse om saken er utsatt inntil videre.

    EUs medlemsland og EU-parlamentet har forsøkt å bli enige om detaljene i et forslag som ble lagt fram av EU-kommisjonen for to år siden, men de har slitt med å holde tritt med den svært raske utviklingen innen feltet. Det gjør det også vanskelig å oppnå enighet.

    De nye reguleringene kan komme til å danne et utgangspunkt for andre land som ønsker å lage egne regler for kunstig intelligens.(NTB)