NRK Meny
Normal

Hollywood til kamp mot oljen

Oljekatastrofen i Mexicogolfen engasjerer no også fleire kjende Hollywood-stjerner.

Kevin Costner

Kevin Costner fortel om oljesentrifugen under ei høyring om oljekatastrofen i Mexicogolfen.

Foto: MARK WILSON / Afp

Kevin Costner, Robert Redford og James Cameron er mellom dei som no engasjerer seg i miljøkatastrofen som oppstod etter lekkasjen frå oljebrønnen i Mexicogolfen.

Men ikkje alle Hollywood-stjernene er like opptekne av å rette ein peikefinger mot oljeindustrien.

Costner med oljesentrifuge

Filmskapar og skodespelar Kevin Costner dukka nyleg opp i den amerikanske kongressen for å presentere ein sentrifuge som kan separere olje frå vatn, som han har investert mykje pengar i.

Robert Redford

Robert redford krev går til angrep på oljeselskapa.

Foto: Carlo Allegri / AP

Dette gjorde tydelegvis inntrykk på oljeselskapet BP, som har kjøpt inn 30 oljesentrifugar.

Filmskaparen James Cameron vert rekna som ein ekspert på undervassfilming, etter arbeidet med filmen Titanic. Han har difor tilbode BP å gå ned for å filme sjølve oljelekkasjen betre, men dette har BP takka nei til.

Vert kvalm av oljeselskapa

I ein reklamefilm, som ein miljøorganisasjon står bak, dukkar skodespelar Robert Redford opp. Der krev han at USA no satsar på fornybar energi.

– Trass i at vi dagleg ser forsøk på å skjule, og underslå sanninga om Golf-katastrofen, kan ein likevel ikkje underslå konsekvensane av katastrofen, seier Robert Redford.

– Eg vert kvalm når BP eller andre oljeselskap bruker millionar på å prøve skjule katastrofen, seier Redford.

Vil unngå ny katastrofe

Stephen Baldwin

Stephen Baldwin lagar dokumentar om oljekatastrofen.

Foto: Cliff Owen / AP

Skodespelar og filmskapar, Stephen Baldwin er no i Louisiana for å lage ein dokumentarfilm om miljøkatastrofen. Filmen skal ifølgje Baldwin fokusere på løysingar, slik at ein kan unngå oljeutslepp i framtida.

– Fokuset og motivasjonen for dokumentarfilmen min er ikkje å rette peikefingeren mot nokon. På dette tidspunktet handlar det om å sameine kreftene, slik at vi ikkje hamnar i denne situasjonen igjen, seier Baldwin til Sveriges Radio .

Men nokon direkte kritikk av oljeboring skal ikkje dokumentaren verte, men heller ha fokus på forsking og nye tekniske løysingar. Fokuset på at ein no heller bør satse på meir miljøvenlege energikjelder har ikkje Baldwin særleg tru på.

– Oljen er her for å bli. USA treng oljen, seier Baldwin.

LES ÒG: Dette endrer oljeindustrien


Kulturstrøm

  • Baron Cohen ute i hardt vêr igjen

    Fleire amerikanarar vuderer å saksøke komikaren Sacha Baron Cohen for å ha lurt dei i den nyaste TV-serien sin «Who is America». Ein av dei er republikanaren Jason Spencer som sa opp jobben sin i Representanenes hus etter at Cohen fekk han til å banne og blotte rompa si i serien. Juridiske ekspertar som NY Times har snakka med meiner saksøkarane har lite å stille opp med, og at Cohen har sikra seg mot søksmål gjennom kontraktene dei medverkande har skrive under på.

  • Rihanna-dokumentar kjem i haust

    Allereie i 2015 kom nyheita om at Peter Bergs dokumentar om Rihanna var på veg. No seier regissøren at filmen er like rundt hjørnet, og at han mest truleg kjem ut innan to månadar, melder Rolling Stone. Berg har tidlegare sagt at filmen kjem til å bli eit usminka portrett av Rihannas liv på same måte som dokumentaren «Don't look back» var om Bob Dylan i 1967.

    TELEVISION-MTV/VMA
    Foto: Danny Moloshok / Reuters