Holberg stal "Jeppe"

Ny forsking viser at det mest berømte stykket til Ludvig Holberg, "Jeppe på bjerget", er stole frå ein annan forfattar.

Ludvig Holberg
Foto: SCANPIX

I dag startar dei årlege Holberg-dagane i Bergen, som hyllar den norsk-danske forfattaren Ludvig Holberg.

Teaterstykket "Jeppe på bjerget" er det mest berømte Holberg-stykket. Og scena der den fordrukne bonden Jeppe vaknar opp i baronens seng er ei av dei aller mest kjende.

Tysk roman

Men Holberg fann ikkje på historia sjølv. Det fortel Gunnar Sivertsen, som i doktorgradsavhandlinga si har gått gjennom 200 år med Holberg-forsking.

- Handlinga i ”Jeppe på bjerget” er henta frå ein roman som vart skriven på latin i Augsburgh i Sør-Tyskland i 1604, seier Sivertsen.

Identisk handling

Han avdekkar at både sjølve historia og den fordrukne bondekarakteren er eit lån frå den tyske forfattaren Jacob Biderman:

- Det som skjer med denne bonden er det samme som skjer med Jeppe i "Jeppe på bjerget". Denne romanen låg framme på Holberg sitt skrivebord då han skreiv stykket, seier Sivertsen.

Ærleg Holberg

Holberg sjølv ville aldri ta æra for Jeppe, og skreiv i førsteutgåva av "Jeppe på bjerget" i 1723 at han hadde stjelt historia. Sivertsen seier forskarane har lete seg villeie i 200 år.

- Når forskarar før deg har sagt det samme, så er det lett å stole på det, sjølv om til og med Holberg sjølv har sagt noko anna, seier Sivertsen.

Overraska

"Jeppe på bjerget" har blitt tolka av mange av dei fremste skodespelarane våre. Hauk Aabel, Toralv Maurstad, Jon Eikemo, Helge Jordal og Bjarte Hjelmeland. Eikemo er overraska over at Holberg sjølv ikkje står bak historia:

- Men det endrar ikkje mitt syn på Holberg eller måten å spele han på, seier Eikemo.

Kulturstrøm