Det har vore laga film i Noreg i over hundre år, og musikken er stadig ein essensiell del av filmopplevinga. Kringkastingsorkestret handplukka musikalske høgdepunkt til sin filmkonsert.
Spelelista til konserten:
Elias, Max og Pax
Fleire lydglimt frå dei siste åra er med under konserten. Gaute Storaas har spesialskrive ei suite frå
, som hadde premiere sist desember.Den aller ferskaste filmen som er med på lista, Pax, hadde kinopremiere same kveld som konserten. Utdrag frå Trond Bjerknes' musikk til storfilmen Max Manus (2008) er også med.
Jobbar gjerne med kvar sin film
Geir Bøhren og Bent Åseruds Svalbardtema til Orions belte (1985) er kanskje den norske filmmusikken nordmenn flest hugsar best, og eit arrangement av musikken avslutta konserten. Undervegs fekk komponistane spørsmål om korleis dei arbeider:
– I starten av samarbeidet vårt sat vi mykje i lag, og Svalbardtemaet skreiv vi saman, forklarte Geir Bøhren.
– Framleis kan vi setje oss ned med gitar og piano når vi skal skrive ein song, men når vi jobbar med stor symfonisk musikk, er vi gjerne på kvar vår stad i filmen – eller i kvar vår film.
Bøhren og Åseruds musikk til Kvitebjørn kong Valemon (1991) og Sista kontraktet (1998) vart også spelt under filmkonserten 22. mars, som markerte 75-årsjubileet til NOPA – Norsk forening for komponister og tekstforfattere.