Hopp til innhold

Ho spelar Sonia Henie

Ine Marie Wilmann er relativt ukjent som filmskodespelar, men har no landa rolla som verdas mestvinnande kunstløpar Sonja Henie. Møt skodespelaren som har hovudrolla i det som blir ein av dei dyraste norske filmane nokon sinne.

Om et og et halvt år kommer filmen om Norges isstjerne Sonja Henie. Det er skuespiller Ine Williamsen som har sikret seg hovedrollen som skøyteikonet.

Filmen om Sonja Henie sitt liv kjem om 1,5 år og har eit budsjett på 80 millionar kroner. Ine Marie Wilmann får litt av ei utfordring når ho no skal spele verdas mestvinnande kunstløpar nokon sinne:

– Då eg var barn så prøvde eg hockeyskøytene til bror min. Etter det så har eg ikkje stått på skøyter. Så eg starta på null, men no har eg blitt skøyteentusiast, fortel Wilmann.

Ho har trent på skøyter og isdans i nesten to år for å spele rolla som Sonja Henie.

Anne Sewitsky
Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

– Ekstremt kameratekke

Regissør Anne Sewitsky blei fanga av korleis Wilmann som er utdanna ved Teaterhøgskolen var i kamera, då rolla som Henie skulle fyllast:

– Ho hadde ekstremt tekke med kamera. I tillegg så har ho ei enorm sårbarheit, men samtidig så viser ho styrke. Det er den kombinasjonen eg treng til denne karakteren som skal gå gjennom ei veldig reise, fortel regissør Sewitsky.

Best betalt i Hollywood

Sonja Henie var i ei periode den best betalte skodespelaren i Hollywood. Ho vann OL-gull tre gonger og var på framsida av magasinet Time. Samtidig som ho var elska av mange så fekk ho mykje kritikk for sin flørt med nazismen og helsing til Hitler under OL i 1936:

– Sonja Henie har heile spekteret. Ho kunne vere dukkesøt og fantastisk sjarmerande. Samtidig så har ho dei mørke sidene som går parallelt, fortel skodespelar Wilmann.

Filmen om Sonja Henie har premiere om 1,5 år og blir ein av dei største norske produksjonane nokon sinne. Store deler av filmen vil bli spela inn i Hollywood.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP