Forsvarar konge og fedreland
Ho møtte ein mann som har som yrke å forsvare konge og fedreland. At det ligg ein viss risiko i eit slikt yrke var ho fullstendig inneforstått med. Men sidan den gong har verdssituasjonen endra seg, og det å vere jagerpilot handlar ikkje lenger berre om å vente til nokon eventuelt angrip Noreg. No må ein i krig på andre sida av jorda som eit ledd i å forsvare fedrelandet.
Den norske jagerpiloten "Roof" på Manas-basen (foto: Scanpix/Fjeldstad)
Sammen om det
Rett nok er det frivilleg for dei yrkesmilitære i Noreg om dei vil dra i krig eller ikkje. Og ho var sjølv med då mannen skreiv under på kontrakta der han stilte seg til disposisjon. Men uansett er faktum at mannen er i krig, mens ho opplever det som ho er i krig på heimebane. Ho blei fysisk sjuk då han reiste i krigen, og mange kveldar har ho hatt vanskeleg for å få sove. For at bekymringane ikkje skal ta fullstendig overhand har dei blitt einige om at ho ikkje får vite kor tid mannen skal ta av frå Manas-basen for å fly over Afghanistan. På telefonen får mannen hennar berre fortelje om dei tokta han har vore på.
Må vere anonym
Ingen av dei norske pilotane ønskjer å stå fram med namn og bilete. Heller ikkje kvinna som Norgesglasset fekk eit eksklusivt møte med, ønskjer dette.
Bakgrunnen er at det har kome truslar mot familiane til pilotar tidlegare. Mellom anna har ukjente personar via telefonen fortalt at dei veit kor barna til familien går på skule og i barnehage.