Bilete - slik lagar dei sumarhit i Radio Røynda
Solsteik og frålandsbris so langt auge rekk - skal ein smelle inn ein sumarhit på dette kalenderåret so er det veret til det nett no!
HJØRDIS EG MINNAST - SOMMAREN NITTISJAU - NITTISJAU ME LAOG DAR Å NEVVLA ...
Og so langt me kan sjå er det husorkesteret i Radio Røynda, - tremannskvartetten Finn Erix som er først ute i år. Dette er godt gjort, når me veit korleis dei har slitt med å halda liv i rytmeboksen på det gamle stoveorgelet.
Først rauk salsa ut or rytmetilfanget, noko vestlandsgutane greit kunne leva med gjennom ein regntung etterjulsvinter.
Verre vart det 2. påskedag, då brytaren ikkje kunne fanga inn tango lenger, og slik fortsette det.
Portvinsflaska som ein eller annan hadde velta oppe på orgelkanten 13.dag jul ga seg ikkje før taktregisteret var søkk vekke;med eitt unntak: Bossa Nova.
Husorkesteret i Radio Røynda - tremannskvartetten Finn Erix er først ute i år med sumarslager - "Hjørdis med H".
Gutane gav ikkje opp, dei kjøyrde med det dei hadde,og sumarhiten "Hjørdis med H "smyg no ut av alle stovevindu nett i det same som siloslåtten tar til.
Ja,for "Hjørdis med H" er ei soga om kjærleiken, graset og kven av dei to som skal sjå opp mot himmelen frå der dei ligg.
Hiten har ei ange og lengt mot dei gamle norrøne kjenslene, lett krydra med dei søramerikanske rytmane som ikkje er til å unngå.
"Hjørdis med H" har det meste - frå gjæring i pungen til banking i brystfager barm. "Hjørdis med H",-eit "must" for dei som elskar om og om igjen - ei trøyst for dei som ikkje ser skogen for tømmermenn.
"Hjørdis med H" har det meste - frå gjæring i pungen til banking i brystfager barm.
Teksten (på sognamaol)
HJØRDIS EG MINNAST - SOMMAREN NITTISJAU - NITTISJAU
ME LAOG DAR Å NEVVLA - BLANT BLOMSTRA MYGG OG SAU
KYSS MEG MI KJÆRE - HØRDIS BAIBY - SUKKERSKJEVA
HONNINGKLUMPEN - Å EG SVEVA..
NANANANANA HJØRDIS
HJØRDIS MED H
NANANANANA HJØRDIS
KOM SKAL DU FÅ
EIT NORGESGLASS MED MODNA KJÆRLEIK PÅ
HJØRDIS MED H
HJØRDIS MED H
DU RUVA PAO VODLEN - DU VAR ALT EG KUNNE SJAO - KUNNE SJAO
KVIT SO EIN ISBRE - OG HIMMELEN VAR BLAO
KYSS MEG MI KJÆRE - HØRDIS BAIBY SUKKERSKJEVA
HONNINGKLUMPEN - Å EG SVEVA..
Produsent og kor-ansvarleg for Hjørdis med H: Trygve Thue.
NANANANANA HJØRDIS
HJØRDIS MED H
NANANANANA HJØRDIS
KOM SKAL DU FÅ
EIT NORGESGLASS MED MODNA KJÆRLEIK PÅ
HJØRDIS MED H
HJØRDIS MED H
snakkevers
NANANANANA HJØRDIS
HJØRDIS MED H
NANANANANA HJØRDIS
KOM SKAL DU FÅ
EIT NORGESGLASS MED MODNA KJÆRLEIK PÅ
HJØRDIS MED H
HJØRDIS MED H
X2
Sluttbøn
Hjørdis med H
melodi: Odd-Erik Lothe
tekst: Finn Tokvam/ Odd-Erik Lothe
produsent og kor-ansvarleg: Trygve Thue
Populærorkesteret Finn-Erix er:
Odd-Erik Lothe - stoveorgel
Halvor Folgerø - fagott
Finn Tokvam - song
Hjørdis-kor: Laila Beate Førde
Lagt til rette for verdsveven av Jon-Annar Fordal