Eg skal til eit av dei to kratera vi kjenner i dag, nemleg Gardnoskrateret som ligg ved Nesbyen i Buskerud. Då skal eg lære korleis eit krater ser ut, og kva ein skal sjå etter for å sjekke om ei grop i bakken faktisk er eit meteorittkrater. For det er ikkje alltid like lett å oppdage desse kratera, har eg hørt. Dei kan nemleg vera enorme.
Kor skal du leite?
Forskarane har laga ei side på Internett der du kan lese meir om kraterjaktprosjektet:
Dei runde gropene er spredd over heile landet. Foto: NRK
Der finn du eit kart over Noreg som viser kor det er store groper i landskapet. Dette er groper forskarane enno ikkje har undersøkt, men som dei trur kan vera meteorittkrater. Difor vil dei ha hjelp av oss ”vanlege” folk. Vi skal gå inn på desse sidene og sjekke om det er ei grop i nærleiken av der vi bur. Så skal vi gå til den gropa og sjekke om steinane der er av ein spesiell type. Bilde av slike steinar ser du her.
Eg har funne ein slik stein, kva gjer eg?
Dersom du finn ein slik stein i ei grop, er det stor sannsyn for at du har funne eit meteorittkrater. Det du gjer då, er å gå inn på denne linken ovanfor og registrere funnet ditt ved å trykke deg fram til ”observasjonsskjema”, fylle ut eit registreringsskjema og sende det inn.
Etter å ha undersøkt Gardnoskrateret skal eg òg leite etter groper som forskarane ikkje har sett på enno. Kanskje finn eg gropa, og kanskje er det eit resultat av eit meteornedslag?
Krateret er ikkje så tydeleg lenger. Foto: NRK