Berre nokre hundre meter mot nord for Holocaust-monumentet i sentrum av Berlin, på paradegata Unter den Linden, opnar Berlin-avdelinga av Madam Tussauds vokskabinett i neste månad.
Talsmenn for Madam Tussauds stadfestar at dei vil stille ut ein voksfigur av Adolf Hitler, noko som vekker sterke reaksjonar.
Forskjellige generasjonar
- Dei vil lage eit Nazi-Disneyland, kommenterar Uwe Neumarker, sjefen for Holocaust-monumentet. Også turistane ved murblokkene er svært skeptiske.
- Dette er svært vanskeleg. Og det er store forskjellar mellom generasjonane, seier ein ung mann.
- Uhøyrt, kommenterar eit eldre ektepar like bortanfor. Men dei unge er altså i tvil.
- Vi kan ikkje gøyme denne delen av historia. Blir det gjort på ein riktig måte er det OK, seier ei ung kvinne.
- Toppen av usmakelegheit
Fleire av politikarane i Tyskland har allereie fordømt planane til Madam Tussaud.
Maichael Braun som representerar Angela Merkels kristeleg-demokratiske parti kallar planane "toppen av usmakelegheit". Også politikarar frå det nye venstrepartiet og dei grøne har tatt skarp avstand frå Madame Tussauds.
Ein eldre mann frå Nederland som vandrar gjennom Holocaust-monumentet er meir i tvil.
- Det er ein del av historia. Eg var sjølv barn i Rotterdam då byen blei bomba under krigen. Opplevingane den gongen har prega mitt liv. Dersom det blir gjort på rett måte er det riktig også å stille ut ein voksfigur av Hitler her i Berlin, seier han.
Og den massive kritikken i Tyskland ser ikkje ut til å endre planane til Madam Tussauds. I juli vil Adolf Hitler igjen dukke opp midt i den tyske hovudstaden, no som voksfigur.