Historia om Justin Bieber-svindlar blir dokumentar

Regissøren, som skal lage kinodokumentar om Norges mest profilerte svindlar dei seinaste åra, er førebudd på å bli lurt. – Viss eg blir lurt, blir det ein del av prosjektet, seier Emil Trier.

Waleed Ahmed i Porsche

LUKSUSLIV: Waleed Ahmed køyrde rundt Porsche før bløffen blei avslørt og han hamna i fengsel.

Foto: Rashid Akrim, NRK

Ahmed soner for tida ein dom på 11 år i USA for å ha svindla til seg fleire millionar kroner i bytte for rettar til Justin Bieber-konsertar, rettar han aldri hadde.

Men rekka med svindlar er lang, og det starta med solceller og her heime blei han av Innovasjon Norge samanlikna med Facebook-gründer Mark Zuckerberg.

Dåverande næringsminister Trond Giske og kronprins Haakon var blant dei som trekte han fram som ein lysande ung gründer. Han køyrde Porsche, poserte på bilde med kongelege, nobelprisvinnarar og generalsekretæren i FN.

Waleed Ahmed i celebert selskap

I CELEBERT SELSKAP: Waleed Ahmed var, saman med ei rekke kongelege og celebre gjester både frå inn- og utland samla på Skaugum i 2011 i forbindelse med ein middag for «the United Nations Foundation Board of Directors».

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Ein bløff

«Think large, do large», seier Waleed Ahmed i den fem år gamle P3-dokumentaren «Millionbløffen».

Når media kikka nærare på suksesshistoria vart bløffen etter kvart avslørt.

Hausten 2012 blei Waleed Ahmed fengsla i USA tiltalt for svindel. Etter fleire utsettingar kom dommen hausten 2014.

Waleed Ahmed frå Ytre Enebakk blei dømt til 11 års fengsel i USA for svindel. Blant anna har han selt rettar til Justin Bieber-konsertar som han ikkje hadde.

Dommen var streng fordi konfiskerte e-postar viste at Ahmed planla nye svindelforsøk frå fengselet.

«Stol på meg»

Emil Trier

REGISSØR: Emil Trier står bak kinodokumentaren «Stol på meg» om Waleed Ahmed.

Foto: Adrian Bugge

Den internasjonalt prisvinnande regissøren Emil Trier har fått 2,3 millionar kroner frå Norsk filminstitutt til å lage film om Waleed Ahmed, og filmen har fått namnet «Stol på meg». Filmen har eit totalbudsjett på 7 millionar kroner og er ein co-produksjon mellom fleire land.

– Dette er eit identitetsportrett. Det handlar om kven ein er og kven ein har lyst å vere, draumer og iscenesettingar, seier Emil Trier.

Sjølv om Ahmed er svindlar og dømt for det, meiner regissøren at han også er ein karismatisk person som fekk til utruleg mykje på kort tid.

– Det som fasinerer meg er kor ung han var. Han er 18 år og går på vidaregåande når dette eventyret startar. Så blir han som 22-åring arrestert av FBI på flyplassen i San Francisco og dømt til 11 år i fengsel. Det er alt det som skjer i mellom her vi nå researcher og lager film om, fortel Trier.

– Han er jo ein svindlar, har du tillit til at du når inn til han?

– Viss han begynner å iscenesette seg sjølve i filmen, så synest eg det er eit interessant aspekt av historia. Eg tenker jo at ting som er sant og ting som ikkje er sant om kvarandre kan vere interessant å visualisere i ein film, seier Trier.

Waleed Ahmed sin advokat jobbar nå for soningsoverføring til Norge. Lykkast han, ventar nye rundar i retten.

I ein fråværsdom i Oslo tingrett er Ahmed alt dømt til å betale 3,5 millionar i erstatning til ein sveitsisk investor som han skal ha svindla. Han er også sikta av økokrim for forsikringssvindel.

Kulturstrøm

  • Victoria Beckham med motetap

    Motemerket Victoria Beckham held fram med å gå i minus, skriv BBC. Sidan 2013 har selskapet ikkje klart å tene inn utgiftene. Victoria Beckham blei kjend gjennom gruppa Spice Girls og har sidan skapt seg ein karriere som klesdesignar. Ho blei æra med utmerkinga Order of The British Empire i 2017 for sin innsats for britisk motebransje. Motemerket fekk nyleg inn ein ny investor og vil no kutte kostnadar, ifølgje BBC.

    Victoria Beckham
    Foto: Ian West / NTB Tema