Hopp til innhold

Historia i flugeperspektiv

Sofi Oksanen si bok "Utrenskning" er ein uvanleg sterk roman om to kvinner som har altfor mykje historie. Og over summar flugene.

Utrenskning

Sofi Oksanen fortel historier om kvinner frå ulike generasjonar i det gamle Sovjet med omland.

Foto: Oktober forlag/Exil Design

Ei gammal estisk kvinne skal koke syltetøy på kjøkkenet sitt, ho må berre kverke ei fluge først. Ved vindauget kastar ho eit blikk ut i hagen, der det ligg ei ung kvinne som ser ut til å vere russisk, prostituert og grundig ute av vater. Jenta får kome inn i huset, og etterkvart oppdagar lesaren at det ikkje var tilfeldig at ho stupte akkurat utanfor dette huset, at den trivelege syltetøykokaren både er eit offer og ein nokså strategisk overlevar, og at det ikkje er gitt at dei to kan stole på kvarandre.

Utrenskning
Foto: Exil Design/Oktober forlag

Som i den sensasjonelt gode debutromanen Stalins kyr er Oksanen her i roman nummer tre på plass med historier om kvinner frå ulike generasjonar i det gamle Sovjet med omland. (Den vanskelege andreboka har av ein eller fleire grunnar ikkje blitt omsett til norsk.)

Og som i debutromanen er den store historia på 1900-talet heilt avgjerande for livet til personane. Det ville vere upresist å skrive at verdskrigane og innlemminga av Estland i Sovjetunionen dannar bakteppe for livet til dei det handlar om her, til det er samanvevinga for tett. Dei små liva er del av og blir styrt av den store historia.

Berre ta slike heilt vanlege mellommenneskelege kjensler som kjærleik, sjalusi, venskap, skepsis. Kva då om du kan fjerne eit uønskt menneske, berre ved å kviskre dei rette orda i det rette øyret? Og kva om andre er heilt avhengige av at du ikkje sprekk under tortur, og du sprekk ikkje, du held ut,- men kan ikkje får fortalt om det store offeret til den det gjeld? Det heilt vanlege kan få ekstreme og uopprettelege konsekvensar.

I knip mellom stormakter

Bygda der den gamle estiske kona bur, har som resten av Estland levd i knip mellom stormakter og ideologiar, ikkje minst mellom Tyskland og Russland og etterkvart Sovjet. Den som ville overleve, måtte tenkje nøye gjennom kven han eller ho ville alliere seg med og kva for pris det kunne ha.

Og så, mange år etter både krigen og innlemminga i Sovjetunionen og kollektiviseringa av jordbruket og deportasjonane, lenge etter alt som hende med den no gamle Aliide og familien hennar, så ligg ei ung kvinne i hagen og har ei anna historie å fortelje.

Historia inkluderer jentedraumar om eit godt liv i vesten som endar i trafficking og altså eit møte med gamle Aliide, som har sine kvinneerfaringar. Dermed ikkje sagt at kvinnene er eintydige offer; begge har sitt å svare for. Og Oksanen skildrar det mest forferdelege med nådelaus detaljrikdom. Det ligg ikkje lite kynisme i historiene om korleis ein bergar sitt eige skinn, men kynismen blir aldri einerådande.

Råspennande å lese

Romanen hoppar mellom ulike datoar i løpet av tida mellom 1930 og -90 -talet, og både Aliide og den unge Zara får ha synsvinkelen. I tillegg kastar ulike dokument lys over historia, som kjem langsomt til syne , og det på ein så smart måte at ein heile tida blir driven vidare, av trongen etter å få vite korleis det heile heng saman.

Oksanen er uvanleg dyktig når det gjeld dette å byggje opp ein dramaturgi. Historia ho fortel er full av små detaljar frå livet i ein estisk landsby på 40-talet når det gjeld mat, arbeidsmetodar, forholdet mellom kvinner og menn, jordbruk, kort sagt. Desse små detaljane får ofte lov til å danne utgangspunkt for større hendingar og samanhengar, frå dei familiære og til dei verdshistoriske. Legg så til at menneska er tredimensjonale og historiske vesen, og konklusjonen er klar. Dette er ein rå roman. Han er rått sanseleg, Han syner fram råskapen i det store og det vesle spelet og han er råspennande å lese.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP