Hijaben: frigjerande - eller eit fengsel?

Er bruk av hijab i vestlege land å slenge sin identitet i ansiktet på folk? Og kvifor står ikkje frigjering for minoritetskvinner høgare i kurs – ikkje eingong på 8.mars-dagen?

Hijab i Istanbul, Tyrkia

Ei kvinne iført hijab i halvt-vestlege og EU-kandidat Tyrkia.

Foto: CEM TURKEL / AFP

Astrid Brekken

P2-kommentaren denne veka er ved Astrid Brekken

Foto: Ekroll, Anne Liv / Anne Liv Ekroll, NRK

Dersom ein alltid skal sjå ei sak frå minst to sider, er det fare for at ein blir ståande stille. Med heiderlege unntak er den norske debatten unnfallande når det gjeld krav om likestilling og frigjering for minoritetskvinner. Er ein grunn til det at vi framleis har ein respektfull ryggmargsrefleks når det gjeld religion? Det burde vi ikkje ha, vel vitande om at det ikkje minst er religionane som har vore med på å gjera kvinner til andrerangs menneske. Gudar og profetar har ikkje reint rulleblad når det gjeld synet på kvinner, og i ettertid driv framleis eit iherdig presteskap i ulike framtoningar sementering av forelda overleveringar. Tradisjonar og haldningar blir dessutan pakka inn i religion for å få større vekt.

Vi har igjen fått ein heftig debatt om bruk av hijab i det offentlege rom. Det blir ikkje siste gongen, for av mange ulike grunnar vekkjer hijaben sterke kjensler.

Totalitære erfaringar

”Eg har levd med og sett alle sider av totalitær islamisme og religiøst barbari,” seier Chahdortt Djavann. Ho kom til Frankrike frå Iran i 1993, og er antropolog og forfattar: I 2003 skreiv ho boka ”Bas les voiles” – Ned med sløret. Boka vart viktig i den franske debatten – året etter vedtok dei igjen – for dei hadde det i lovgjevinga alt for hundre år sidan - å forby religiøse klesplagg og symbol i offentleg skole.

Ho ser hijaben som sjølve symbolet for kjønnsdiskriminering og eit brot mot menneskerettane. Ho kallar sløret ei fysisk, psykisk, sosial og seksuell mishandling, eit bærbart fengsel som ein tilmed tvingar småjenter inn i.

Mange muslimske kvinner tek sterk avstand frå slike oppfatningar av tildekking, og går frivillig med sløret. Men i mange land og miljø er tilsløring er forbunde med tvang og press.

Hijab-tvang?

Skal vi tru Gerd Fleischer, dagleg leiar i Selvhjelp for innvandrere og flyktninger, skjer også slik tvang i Norge. På hennar kontor har kvinner og jenter gråte fordi dei må gå med hijab, men dei vågar ikkje ytre seg i den offentlege debatten. ”Foreldre slår ofte sine døtre til lydighet og dydighet, og hijaben utgjør som regel en del av kontrollen,” seier Gerd Fleischer til Vårt Land. Ho er opprørd over at unge muslimske kvinner står fram og seier dei står fritt i å velja om dei vil gå med hijab. Dei veit at medsøstre blir tvinga til det, men det talar dei lite om. Det bør vera del av deira kvinnefrigjering også å støtte dei, seier Fleischer.

Draumen om noko betre

Vi vil ha eit samfunn der psykisk og fysisk undertrykking, diskriminering, tvang og lemlesting ikkje skjer, vera det basert på kjønn, seksuell legning eller hudfarge. Vi må ikkje la redsla for å bli utskjelte som rasistar og eller feil type feministar hindre oss i å krevja likestilling og rettferd også for kvinner som lever i miljø der ordet kvinnefrigjering ikkje står i ordlista. Dei som kjenner seg frigjorte og har det livet dei ynskjer treng ikkje bli provoserte fordi vi talar for dei som ikkje er i den heldige situasjonen. Vi som stod bak feministbladet Sirene på 1970-talet hadde eit motto mange kvinner den gongen ergra seg over i sine plettfrie kjøkken:
”Vi er klar over at ikkje alle kvinner føler seg undertrykte, men vi veit at dei er det. Ingen kjenner seg undertrykte før dei har ein draum, ein visjon om noko betre.”

Derfor kastar talibanarar syre i ansiktet på skolejenter: dei skal ikkje gjennom utdanning oppdage kva verden dei lever i, og få visjonar om noko betre.

Konservative krefter på frammarsj?

Det er ikkje å undre seg over at kvinner som har ei fortid i Iran blir skeptiske når dei ser hijabane blir fleire. I likskap med Chahdortt Djavann oppfattar norsk-iranske Lily Bandehy hijaben som noko meir enn eit tøystykke til ære for gud – i eit avisinnlegg nyleg kallar ho hijaben ein trojansk hest for islamistane. Og i eit intervju i NRK P2 i 2004 sa Lily Bandehy:

Hjelp muslimske jenter og kvinner – forby bruken av skaut på skolar og arbeidsplassar.

Lily Bandehy til NRK P2

I dag virkar eit slikt synspunkt meir kontroversielt enn det gjorde i 2004. Kvifor?

Både Bandehy og andre innvandrarar frå muslimske land uttalar at dei kom til Norge fordi dette er eit demokratisk, sekulært samfunn, at dei er uroa over styresmaktenes vingling i viktige prinsippsaker, og at organ som Islamsk Råd blir for mykje lytta til. Særleg for fridomssøkjande muslimar blir det eit auka gruppepress dersom konservative, religiøse krefter får stor plass. Og slike krefter har aldri støtta kvinners frigjering.

Muslimsk ettertanke

Om hijabens funksjon i land som Norge har islamforskaren og muslimen Anne Sofie Roald interessante erfaringar. Ho gjekk tildekt i 22 år. Femti år gamal kasta ho hijaben. I eit intervju i Aftenposten blir ho spurd:
”- Noen kvinner sier det er trygghet i sjalet?
- Jeg har ikke behov for å bli beskyttet på den måten. Kanskje innvandrerjenter føler det slik. Da jeg hadde sjal, var det veldig stengt. Jeg var usynlig.

- Er det ikke det sjalet er ment å gjøre?
- Jo. Men i Europa i dag har sjalet også en motsatt effekt. Det gjør at du blir glant på. Her, nå, er sjalet plutselig blitt en identitet. Jeg vet ikke om jeg er interessert i å slenge min identitet i ansiktet på folk. Sjalet setter også en mental sperre i ditt indre, fordi du vet - eller tror du vet - at folk ser på deg på en spesiell måte. Du drar med deg ideene om at du ansees som å være mindre verd inn i ditt forhold til enkeltmennesket.

- Har du kastet sjalet fordi vi andre ikke fikser at du bærer det, eller fordi det ikke hører hjemme her?
- Det har ingen funksjon her. I den muslimske verden er det sånn at har du ikke sjal, får du mindre respekt. Her er det ikke slik.”

Feigt og pinleg

Vi vil og skal alltid ha ein diskusjon om religion og religiøs praksis, som vi også må ha det om at alle norske borgarar skal ha like rettar og plikter. Kampen for kvinnefrigjering tar ikkje slutt, og for mange i dagens Norge er vegen til eit fritt og sjølvstendig liv lang – om det gjeld å koma ut av undertrykkjande eller valdelege ekteskap og familieforhold, skaffe seg utdanning, og få lønna arbeid.

Denne helga er det 8.mars-feiring. Stortingsrepresentant Saera Khan frå Arbeidarpartiet seier ho er svært overraska over at minoritetskvinner heller ikkje i år er med i parolene i Oslo, og at dette er pinleg og feigt av kvinnerørsla. Kva seier 8.mars-komiteen? At parolene speglar krava til dei som deltek i førebuingane. Det er eit merkeleg uengasjert svar. For om vi ikkje skal ha kamp for å betre minoritetskvinners liv i Norge nå, når da?

Kulturstrøm