Hopp til innhold

Hestespråk

Det er ikkje alltid like lett å vite korleis vi skal helse på og bli kjent med eit dyr. Med hund og katt er det best å sette seg på huk og rette fram handa, slik at dyret får snuse på den før vi klappar. Men korleis skal vi helse på ein hest?

Ruth Erichsen er av dei eldste medlemmane i rideklubben. Ho og fjordingen Edvin er gode venner!
Foto: NRK

 

 

Instruktør og dagleg leiar i Epona Rideklubb, Elisabeth Strømmen, og Sjurnix.
Foto: NRK

- Hesten ser i ein trekant utover til kvar side, men har blindsone rett fram, forklarer Elisabeth Strømmen, dagleg leiar og instruktør i Epona Rideklubb i Bergen. Derfor skal vi alltid gå inn på sida av hesten, slik at han ser oss. Og før vi kjem så langt, skal vi forvisse oss om at hesten veit at vi kjem. Lokk på den og sei namnet. Stå på sida av hovudet når du klappar den i panna og nedover mot mulen.

Lettskremde

Hestar er fluktdyr, som lett kan bli skremde. Derfor er det viktig at dei kjenner seg trygge, at det er ro rundt dei, at dei ikkje blir overraska.
- Springing, roping og skriking er forbode i stallen, seier Elisabeth.

 

Frå 6 til 70 

 

Margrethe Toklum er medlem i Epona Rideklubb i Bergen. Her med fjordingen Edvin.
Foto: NRK

 

Bente Fjeldstad tok opp att ridinga etter mange års pause, då dottera hennar starta i rideklubben.
Foto: NRK

Epona Rideklubb har 15 hestar og ponniar i stallen, og blir drive på dugnad. Om lag 220 barn, unge og vaksne er medlemmar. Klubben har fleire ridekurs kvar einaste ettermiddag, unntatt søndag. Dei har også eigne ridekurs for vaksne. Klubben eig alle hestane, og medlemmane må ri den hesten dei får tildelt. For å bli ein flink ryttar er det viktig å bli kjent med alle hestane, fordi dei er ulike både av lynne og å ri på. 

Treng selskap

- Hestar er sosiale dyr som ikkje trivst med å vere åleine. Dei bør alltid vere minst to i lag, meiner Elisabeth. Ho fortel at hestane kommuniserer med kvarandre, også inne på stallen. Det skjer til dømes aldri at alle hestane legg seg ned på same tid: Det er alltid ein som har jobben med å stå vakt. Rangordninga ordnar hestane opp i sjølve, og det kan av og til gå hardt for seg når ein vil prøve å kome seg høgre opp på rangstigen, eller til og med utfordre sjefen sjølv!


Hest om dagen, folk om kvelden 

 

Hestane får leike på bana utan innblanding frå folk ei stund kvar dag.
Foto: NRK

På Epona Rideklubb er filosofien at hestar skal få lov til å vere hestar utan innblanding frå folk ei stund kvar dag. Då blir dei sleppt ut på bana åleine og får springe og leike i lag som dei vil. Nokre av dei som er bestekompisar held seg saman mest heile tida, og dette er også tida for å kose. Når to hestar står ved sida av kvarandre, hovud mot rumpe, klør dei kvarandre med tennene. Når ein av dei vil bli klødd ein bestemt stad, viser den det ved å klø den andre akkurat der.

 

 

Det er ikkje så lett å sette seg opp på hesten for den som aldri har gjort det før!
Foto: NRK

 

Instruktør Elisabeth Strømmen har kontrollen - og det er bra for ein usikker ryttar!
Foto: NRK

Norge Rundt, NRK1, fredag 11. mai kl. 19.30.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.