Hopp til innhold

Hermanas

Torgrim Eggen er best når han er ferdig med erotikken og kjem over på fangeliv i romanen "Hermanas", der han skildrar ein opposisjonell kubansk poet.

Torgrim Eggens roman "Hermanas" er ikkje den beste i bokhausten, men boka med tittelen som tyder "syster" på spansk, er den einaste som skildrar det cubanske samfunnet frå innsida, og det er også ein kvalitet.

Torgrim Eggen har tidlegare dokumentert at han er ein riktig bra satirikar. Både arbeidarpartiet og musikkbransjen har blitt portrettert på riktig ondskapsfullt vis, til fryd eller forarging, alt ettersom.

Hermanas
Foto: Cappelen forlag

I det cubanske systemet, frå propagandaen til fengselscellene, er problema på eit anna og nivå, og dessutan er lesarane ikkje i same grad kjent med stoffet.

Dermed har Eggen denne gongen dempa satiren og lagt seg til ein meir sakleg stil i samfunnskritikk og personskildring. Forståeleg, men valet avslører nokon svake sider.

Belærande

Hovudpersonen Raúl er poeten som forelskar seg i eit tvillingpar, og det kompliserte privatlivet i den erotiske trekanten tek opp store deler av romanen. Men Eggen greier aldri heilt å få desse tre til å bli interessante nok til å bere så mykje av historia, sjølv om han jobbar hardt for å få det til å dampe av karibisk kjønnsliv.

I den andre enden av skalaen er historia om Cuba, som Raúl forklarer til oss utanforståande. Trass i at sikkert fleire enn meg ikkje er heilt innlesne på Castros krumspring frå 1959 og framover, er den litt belærande stilen på grensa til å bli irriterande.

Ei historie som svingar

Men midt imellom den erotiske trekanten og Cubas historie ligg alle kvardagane som er fylt av kampen for brødet og papiret, etterkvart også av kampen for å halde seg utanfor politiets klør for den gradvis meir samfunnskritiske poeten. Han erfarer at verda kløyver seg, men ikkje som i barndommen mellom vener og fiendar av revolusjonen. No kløyver den seg mellom det han erfarer og det propagandaen seier, og mellom det han veit han har gjort og folks løgner om han.

Her svingar historia skikkeleg. Der poeten kolliderer med samfunnet er det paranoia og klaustrofobi og svik og løgner. Det er i denne kilen mellom det private og det offentlege at Eggen får vist at han er ein viktig og dyktig forfattar.

Kulturnytt, NRK P2, 18. oktober 2006

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.