Hopp til innhold

Norske Waterloo ligg i Trøndelag

Då Napoleon med sin hær utkjempa sitt siste slag kjempa ein trønder for livet ute på slagmarka. Han overlevde, kom heim, og sette Waterloo på kartet.

Kjersti, Geir og Svanhild Waterloo på garden Vaterlo

Var Kjersti, Geir og Svanhild stamfar den einaste nordmannen som kjempa i slaget ved Waterloo?

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

– Næmmen helledussen, er dette Waterloo? Her var det bratt!

Svanhild Waterloo ser tippoldefarens gard for fyrste gong. Det fråflytta småbruket ligg fredeleg til, langt oppi åsen over Leksvik i Nord-Trøndelag.

– Det er heilt merkeleg å vere her.

Svanhild let fyrsteinntrykket synke inn før ho stig ut av bilen.

Småbruket Vaterlo i Leksvik

Sidan 1815 er Waterloo blitt til Vaterlo på det norske kartet.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

Året er 1803. Napoleonskrigen bryt ut, og stormaktene mobiliserer. Danmark-Norge endar opp på fransk side, med Storbritannia som fiende. Og trønderen Ole Olesønn Hønnaasplassen er tilfeldigvis i København når britane angrip byen.

For nokre år sidan besøkte Svanhild verdas mest berømte slagmark, ved Waterloo i Belgia. Korleis var det å stå på sletta og vite at akkurat her sloss hennar tippoldefar mot sjølvaste Napoleon?

– Det var stort.

Ein sabel på stoveveggen

– Denne sabelen blei brukt i slaget ved Waterloo, seier Geir, Svanhilds nevø.

Ole Waterloos sabel

Oles sabel skal no undersøkast av ekspertar for å sjekke om den verkeleg er britisk og om den kan ha blitt brukt i slaget ved Waterloo.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

Tiptippoldefarens sabel ligg tung i nevane hans. Historia om korleis den enda opp på ein stovevegg i Leksvik er nesten ikkje til å tru.

– Han skal visst ha gått til fots heim att til Leksvik, seier Geir. Historia om tipptippoldefaren har han høyrt sidan han var ein liten gutepjokk.

4. september 1807. Britane bombarderer København. For å hindre at Napoleon får kontroll over den dansk-norske flåten ranar britane med seg alle skipa som ligg i havna. Den norske sjømannen Ole blir tatt til fange og endar opp påeit engelsk fangeskip, i «prisonen».

Flåteranet i 1807

Då britane angreip København i 1807 bombarderte dei byen i fleire dagar. Etter angrepet slutta Danmark-Noreg seg til Napoleon.

Foto: NTB Scanpix / The Granger Collection

Korleis enda Ole opp i den britiske hæren? Hans landsmenn kjempa jo på fransk side, MOT britane.

– Eg har mest lyst til å tru at han blei utkommandert. Viss ikkje sloss han mot landet han kom frå, seier Svanhild.

Ole kan ha blitt tvungen til å bli soldat. Eller han vart leigesoldat og takka ja til tilbodet om å kjempe på engelsk side.

Han var ikkje den einaste nordmannen som måtte ta dette valet. Dansk-norske sjømenn i fangenskap vart pressa til å ta hyre i den britiske marinen. Få takka ja, sjølv om tilhøva i prisonen var elendige. Det ville vere forræderi.

18. juni 1815, Waterloo i Belgia. Midt blant engelskmenn, skottar, nederlendarar, belgiarar og prøyssarar står Ole klar med sabelen. Dei skal kjempe mot sjølvaste Napoleon. Dette er ikkje hans krig. No gjeld det berre å komme heilskinna frå det.

The Royal Scots Greys i slaget ved Waterloo.

Ole var ein av 112 000 soldatar som nedkjempa Napoleon i slaget ved Waterloo. 45 000 mann døydde eller vart såra under kampane.

Foto: Stanley Berkeley

– At han overlevde! Det var jo rein slakt, seier Svanhild Waterloo.

Når Ole kjem heim til Leksvik får han eit jordstykke som belønning for innsatsen. Eller han kjøper jorda for soldatløna. Ingen kjenner detaljane.

Men det som er sikkert er at Ole kallar garden sin Waterloo. Sidan tek han gardsnamnet som etternamn .

– Folk spør om eg tok namnet etter ABBA-songen, fortel Svanhild og ristar på hovudet.

Kva svarar ein til slikt, når tipptippoldefar kjempa i verdas mest berømte slag?

– Eg svarar nei, seier Geir Waterloo tørt.

Her ser du Svanhilds fyrste møte med slektsgarden Waterloo.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.