NRK Meny
Normal

Her er vinnarane av prisane til Nordisk Råd

Som venta blei det svensk vinnar av litteraturprisen til Nordisk Råd. Og for første gong fekk ein norsk film filmprisen.

KATARINA FROSTENSON

Litteraturprisen til Katarina Frostenson blei ved ein feil offentleggjort i papirutgåva til Dagsavisen i dag.

Foto: Leif R Jansson / TT / / TT NYHETSBYRÅN

Under ein direktesendt seremoni blir dei fem prisane til Nordisk Råd delte ut i København i kveld. Det er litteraturprisen som tradisjonelt har fått mest merksemd, men i tillegg blir det delt ut pris for beste barne- og ungdomsbok, filmpris, miljøpris og musikkpris.

Den nye nordiske hymnen «Nordika» blei også urframført. Hymnen er komponert og arrangert av tidlegare musikkprisvinnar Sunleif Rasmussen, med tekst av tidlegare litteraturprisvinnar Kim Leine.

Litteraturprisen

Vinnaren av litteraturprisen har vore kjent i heile dag fordi papirutgåva av Dagsavisen ved eit uhell avslørte at svenske Katarina Frostenson får prisen for diktsamlinga «Sångar och formler».

Juryen framhever språket til Frostenson i grunngjevinga si for prisen:

– Vinnarverket er ei forteljing om fysiske og sjelelege openberringar i livet, om det lille i det store, og om mennesket i verden. I dikta hennar skjer det stadige forvandlingar.

Frostenson ser på prisen som ein pris både til seg sjølv, men også til ein heil sjanger.

– Det er flott at juryen har heidra poesien ved å gi meg denne prisen. Eg takkar varmt Nordisk Råd for denne prisen, sa ho i takketalen sin.

Filmprisen

Regissør Joachim Trier

Regissør Joachim Trier rosa det nordiske filmsamarbeidet då han mottok den første norske filmprisen frå Nordisk Råd.

Foto: LOIC VENANCE / Afp

Prisen går til «Louder Than Bombs», regissert av Joachim Trier etter eit manus av Trier og Eskil Vogt. Det er første gong ein norsk film vinn denne prisen.

Filmen handlar ein familie som går i oppløysing i åra etter at mora i familien døyr. Filmen har Isabelle Huppert og Gabriel Byrne i dei leiande rollene.

– Vi har vore eit nordisk team som har jobba med denne filmen. Vi vil takke juryen for å heidre filmen, sjølv om han er engelsk i sitt talespråk, sa regissør Joachim Trier i takketalen sin.

Han oppmoda også alle dei nordiske landa om å støtte aktivt opp om filmen som kunstform i ei tid der kinofilmen ikkje står like sterkt som tidlegare.

Musikkprisen

I år var det musikkverk som skulle prisast av Nordisk Råd. Vinnaren blei danske Hans Abrahamsen som får prisen for verket «Let Me Tell You». Verket er skrive for songaren Barbara Hannigan på oppdrag frå Berlinfilharmonikerne.

Tekstane i songsyklusen er skrivne av Paul Griffiths, og er ein fantasi over Ophelia i teaterstykket «Hamlet».

Miljøprisen

I år er temaet for denne prisen, som blir delt ut for 22. gong, digital innovasjon som støttar berekraftig livsstil. Vinnaren er den danske appen «Too Good To Go», som har som mål å få folk til å kaste mindre mat.

Gjennom appen kan folk få kjøpt billig mat før stengetid. På den måten sparar forbrukarar pengar, og butikkar og serveringsstader får solgt mat som elles ville blitt kasta.

Juryen seier at konseptet kan vere med på inspirere andre til liknande idear i andre bransjar, og konseptet er allereie utbredt i fleire land.

Barne- og ungdomslitteraturprisen

Dette er den yngste av prisane til Nordisk Råd, og blir delt ut for fjerde gong i år. Vinnaren er islandske Arnar Már Arngrímsson for boka «Sölvsaga unglings (Sølvi, sagaen om eit ungt menneske)».

Boka handlar om den 15 år gamle guten Sølvi, og gir eit innblikk i kjenslelivet hos unge menneske som treng rettleiing, skriv juryen. Som berømmer forfattaren for språket:

– Han klarer å forene ungdomsspråket med dei gamle sitt skriftspråk til ei god eining.

Alle vinnarane får prisstatuetten til Nordisk Råd, Nordlys, og 350.000 danske kroner.