Hopp til innhold

Her er vinnarane av årets Golden Globe

Dei aller gjævaste filmprisane gjekk til «The Fabelmans» og «The Banshees of Inisherin» under årets Golden Globe.

Steven Spielberg med Golden Globe for The Fabelmans

Steven Spielberg gjekk heim med to prisar i natt for den sjølvbiografiske spelefilmen «The Fabelmans».

Foto: Rich Polk / AP

Den amerikanske film- og TV-prisen Golden Globe vart delt ut i Los Angeles i natt for 80. gong, og er tilbake på skjermen etter to år med fleire kontroversar.

Det stoppa likevel ikkje prisvinnarane frå å feira:

Steven Spielbergs «The Fabelmans» stakk av med to av dei gjævaste prisane, nemleg årets beste dramafilm og prisen for beste regissør.

«The Fabelmans» handlar om ein ung filmskapar og bygger på mykje av Spielberg sitt eige liv.

– Ingen veit kven ein er før ein er modig nok til å fortelja det sjølv, sa regissøren frå scenen.

Filmen «The Banshees of Inisherin» har vore storfavoritt under årets prisutdeling, og kan skryta på seg åtte nominasjonar. Men også denne filmen vann to prisar – både beste komediefilm og beste mannlege skodespelar i ein komediefilm, som gjekk til Collin Farrel.

Michelle Yeoh Golden Globe

Michelle Yeoh speler hovudrolla i sciencefictionkomedien «Everything Everywhere All at Once» som fekk to prisar under årets Golden Globe.

Foto: Chris Pizzello / AP

Sciencefictionkomedien «Everything Everywhere All at Once» fekk pris for både beste kvinnelege skodespelar i ein komedie og beste mannlege birolle i ein komedie.

Science-fictionkomedien har i motsetning til «The Banshees of Inisherin» allereie gått på norske kinoar, og prisvinnar Michelle Yeoh har imponert meldarar i hovudrolla.

Under Yeoh sin tale understreka ho kor vanskeleg det har vore å få anerkjenning som kinesisk-malaysisk skodespelar i Hollywood.

– Dette er for dei skuldrene eg står på, for dei som kom før meg, for dei som ser ut som meg og for alle dei som skal vera med meg på denne reisa framover, sa Yeoh.

Austin Butler

Austin Butler

Foto: FREDERIC J. BROWN / AFP

Austin Butler vann den høgthengande prisen for beste mannlege dramaskodespelar for rolla si som Elvis i filmen med same namn, medan Cate Blanchett vann som beste kvinnelege dramaskodespelar i filmen «Tar».

På TV-fronten var det «Game of Thrones»-spinoffen «House of Dragon» som vann beste dramaserie, medan «Abbott Elementary» vart kåra til beste komedieserie.

Jennifer Coolidge vinner beste kvinnelege birolle i miniserie eller TV-Film under årets Golden Globe.

Jennifer Coolidge

Foto: FREDERIC J. BROWN / AFP

Også HBO-serien «White Lotus» vann TV-prisar, med Jennifer Coolidge for beste kvinnelege birolle og prisen for beste miniserie.

Jarrodd Carmichael på Golden Globe 2023

Jarrod Carmichael

Foto: Stewart Cook for the HFPA / Reuters

«Fordi eg er svart»

Organisasjonen bak Golden Globe har dei siste to åra vorte skulda for etiske overtramp, rasisme og korrupsjon, noko som til slutt førte til at NBC valde å ikkje senda prisutdelinga i fjor slik dei vanlegvis pleier å gjera.

Programleiar og komikar Jarrod Carmichael venta ikkje med å grilla organisasjonen som ber namnet Hollywood Foreign Press Association (HFPA). Carmichael opna showet med å erklæra, at «eg er her fordi eg er svart».

Vidare spøkte komikaren med å vera overtydd om at det var den einaste årsaka til at han vart spurt om å ta jobben.

– Eg vart invitert for å vera det svarte ansiktet til ein kvit organisasjon, sa Carmichael under monologen og viste til kontroversane.

I år har Golden Globe klart å bygga opp tilliten til NBC igjen, men ifølgje New York Times er det usikkert om dei klarer å vinna sjåarane tilbake.

Angela Bassett

Angela Bassett fekk pris for beste birolle i filmen «Black Panther, Wakanda Forever».

Foto: MARIO ANZUONI / Reuters

Takka skeive skodespelarar

Manusforfattar og filmprodusent Ryan Murphy, som blant anna står bak musikalserien «Glee», vart heidra med Carol Burnett-prisen.

I takketalen vende han seg til unge, skeive sjåarar og fortalde om at han som ung aldri hadde sett nokon som likna han vinna prisar eller spela roller i TV-seriar.

– Mitt oppdrag i Hollywood har heile tida vore å ta dei usynlege og uelska, og gjer desse om til dei heltane eg lengta etter å sjå i popkulturen, men aldri fekk sett.

Ryan Murphy og Billy Porter på scenen under Golden Globe 2023

Ryan Murphy og Billy Porter

Foto: Rich Polk / AP

Han takka også prisutdelar Billy Porter, og kalla Porter for ein av dei mest ikoniske skodespelarane i sin generasjon. Murphy roste også Porter for å gå i eit kjønnsoverskridande antrekk, ein raud kreasjon som likna ein blanding av dress og kjole.

Her er vinnarane

Beste dramafilm:

  • «Avatar: The Way of Water»
  • «Elvis»
  • «The Fabelmans» (VINNAR)
  • «Tár»
  • «Top Gun: Maverick»

Beste kvinnelege skodespelar – drama:

  • Cate Blanchett, «Tár» (VINNAR)
  • Olivia Colman, «Empire of Light»
  • Viola Davis, «The Woman King»
  • Ana de Armas, «Blonde»
  • Michelle Williams, «The Fabelmans»

Beste mannlege skodespelar – drama:

  • Austin Butler, «Elvis» (VINNAR)
  • Brendan Fraser, «The Whale»
  • Hugh Jackman, «The Son»
  • Bill Nighy, «Living»
  • Jeremy Pope, «The Inspection»

Beste film – komedie/musikal:

  • «Babylon»
  • «The Banshees of Inisherin» (VINNAR)
  • «Everything Everywhere All at Once»
  • «Glass Onion: A Knives Out Mystery»
  • «Triangle of Sadness»

Beste kvinnelege skodespelar i komedie/musikal-film:

  • Lesley Manville, «Mrs. Harris Goes to Paris»
  • Margot Robbie, «Babylon»
  • Anya Taylor-Joy, «The Menu»
  • Emma Thompson, «Good Luck to You, Leo Grande»
  • Michelle Yeoh, «Everything Everywhere All at Once» (VINNAR)

Beste mannlege skodespelar i komedie/musikal-film:

  • Diego Calva, «Babylon»
  • Daniel Craig, «Glass Onion: A Knives Out Mystery»
  • Adam Driver, «White Noise»
  • Colin Farrell, «The Banshees of Inisherin» (VINNAR)
  • Ralph Fiennes, «The Menu»

Beste animasjonsfilm:

  • «Guillermo del Toro’s Pinocchio» (VINNAR)
  • «Inu-Oh»
  • «Marcel the Shell With Shoes On»
  • «Puss in Boots: The Last Wish»
  • «Turning Red»

Beste ikkje-engelskspråklege film:

  • «All Quiet on the Western Front», Tyskland (VINNAR)
  • «Argentina, 1985», Argentina
  • «Close», Belgia
  • «Decision to Leave», Sør-Korea
  • «RRR», India

Beste kvinnelege birolle i film:

  • Angela Bassett, «Black Panther: Wakanda Forever» (VINNAR)
  • Kerry Condon, «The Banshees of Inisherin»
  • Jamie Lee Curtis, «Everything Everywhere All at Once»
  • Dolly de Leon, «Triangle of Sadness»
  • Carey Mulligan, «She Said»

Beste mannlege birolle i film:

  • Brendan Gleeson, «The Banshees of Inisherin»
  • Barry Keoghan, «The Banshees of Inisherin»
  • Brad Pitt, «Babylon»
  • Ke Huy Quan, «Everything Everywhere All at Once» (VINNAR)
  • Eddie Redmayne, «The Good Nurse»

Beste filmregissør:

  • James Cameron, «Avatar: The Way of Water»
  • Daniel Kwan og Daniel Scheinert, «Everything Everywhere All at Once»
  • Baz Luhrmann, «Elvis»
  • Martin McDonagh, «The Banshees of Inisherin»
  • Steven Spielberg, «The Fabelmans» (VINNAR)

Beste filmmanus:

  • Todd Field, «Tár»
  • Daniel Kwan og Daniel Scheinert, «Everything Everywhere All at Once»
  • Tony Kushner og Steven Spielberg, «The Fabelmans»
  • Martin McDonagh, «The Banshees of Inisherin» (VINNAR)
  • Sarah Polley, «Women Talking»

Beste originale filmmusikk:

  • Carter Burwell, «The Banshees of Inisherin»
  • Alexandre Desplat, «Guillermo del Toro’s Pinocchio»
  • Hildur Gudnadóttir, «Women Talking»
  • Justin Hurwitz,«Babylon» (VINNAR)
  • John Williams, «The Fabelmans»

Beste originale song:

  • «Carolina» av Taylor Swift frå «Where the Crawdads Sing»
  • «Ciao Papa» av Alexandre Desplat, Roeban Katz, Guillermo del Toro frå «Guillermo del Toro’s Pinocchio»
  • «Hold My Hand» av Lady Gaga, BloodPop, Benjamin Rice frå «Top Gun: Maverick»
  • «Lift Me Up» av Tems, Rihanna, Ryan Coogler, Ludwig Göransson frå «Black Panther: Wakanda Forever»
  • «Naatu Naatu» av M.M. Keeravani, Kala Bhairava, Rahul Sipligunj frå «RRR» (VINNAR)

Beste dramaserie:

  • «Better Call Saul»
  • «The Crown»
  • «House of the Dragon» (VINNAR)
  • «Ozark»
  • «Severance»

Beste kvinnelege skodespelar i dramaserie:

  • Emma D’Arcy, «House of the Dragon»
  • Laura Linney, «Ozark»
  • Imelda Staunton, «The Crown»
  • Hilary Swank, «Alaska Daily»
  • Zendaya, «Euphoria» (VINNAR)

Beste mannlege skodespelar i dramaserie:

  • Jeff Bridges, «The Old Man»
  • Kevin Costner, «Yellowstone» (VINNAR)
  • Diego Luna, «Andor»
  • Bob Odenkirk, «Better Call Saul»
  • Adam Scott, «Severance»

Beste komedie- eller musikalserie:

  • «Abbott Elementary» (VINNAR)
  • «The Bear»
  • «Hacks»
  • «Only Murders in the Building»
  • «Wednesday»

Beste kvinnelege skodespelar i komedie- eller musikalserie:

  • Quinta Brunson, «Abbott Elementary» (VINNAR)
  • Kaley Cuoco, «The Flight Attendant»
  • Selena Gomez, «Only Murders in the Building»
  • Jenna Ortega, «Wednesday»
  • Jean Smart, «Hacks»

Beste mannlege skodespelar i komedie- eller musikalserie:

  • Donald Glover, «Atlanta»
  • Bill Hader, «Barry»
  • Steve Martin, «Only Murders in the Building»
  • Martin Short, «Only Murders in the Building»
  • Jeremy Allen White, «The Bear» (VINNAR)

Beste miniserie for TV eller TV-film:

  • «Black Bird»
  • «Dahmer – Monster: The Jeffrey Dahmer Story»
  • «The Dropout»
  • «Pam & Tommy»
  • «The White Lotus»

Beste kvinnelege skodespelar i miniserie eller TV-film:

  • Jessica Chastain, «George & Tammy»
  • Julia Garner, «Inventing Anna»
  • Lily James, «Pam & Tommy»
  • Julia Roberts, «Gaslit»
  • Amanda Seyfried, «The Dropout» (VINNAR)

Beste mannlege skodespelar i miniserie eller TV-film:

  • Taron Egerton, «Black Bird»
  • Colin Firth, «The Staircase»
  • Andrew Garfield, «Under the Banner of Heaven»
  • Evan Peters, «Dahmer – Monster: The Jeffrey Dahmer Story» (VINNAR)
  • Sebastian Stan, «Pam & Tommy»

Beste kvinnelege birolle i miniserie eller TV-film:

  • Jennifer Coolidge, «The White Lotus» (VINNAR)
  • Claire Danes, «Fleishman Is in Trouble»
  • Daisy Edgar-Jones, «Under the Banner of Heaven»
  • Niecy Nash, «Dahmer – Monster: The Jeffrey Dahmer Story»
  • Aubrey Plaza, «The White Lotus»

Beste mannlege birolle i miniserie eller TV-film:

  • F. Murray Abraham, «The White Lotus»
  • Domhnall Gleeson, «The Patient»
  • Paul Walter Hauser, «Black Bird» (VINNAR)
  • Richard Jenkins, «Dahmer – Monster: The Jeffrey Dahmer Story»
  • Seth Rogen, «Pam & Tommy»

Beste kvinnelege birolle i musikal-, komedie- eller dramaserie:

  • Elizabeth Debicki, «The Crown»
  • Hannah Einbinder, «Hacks»
  • Julia Garner, «Ozark» (VINNAR)
  • Janelle James, «Abbott Elementary»
  • Sheryl Lee Ralph, «Abbott Elementary»

Beste mannlege birolle i musikal-, komedie- eller dramaserie:

  • John Lithgow, «The Old Man»
  • Jonathan Pryce, «The Crown»
  • John Turturro, «Severance»
  • Tyler James Williams, «Abbott Elementary» (VINNAR)
  • Henry Winkler, «Barry»

Carol Burnett-prisen:

  • Ryan Murphy (VINNAR)

Cecil B. deMille-prisen:

  • Eddie Murphy (VINNAR)

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober