Hopp til innhold

Her er Sagas nye partnar

MALMÖ (NRK): Så er det kjent: Thure Lindhart er mannen som skal løyse krimgåter med Saga Norèn i sesong tre av «Broen».

Her er Sagas nye makker: Thure Lindhart.

Sesong tre av den populære TV-serien er her, men det har førebels vore ukjent kven som tar over for Kim Bodnias karakter i serien, Martin Rohde. Ettersom etterforskaren blei arrestert for drap i slutten av sesong to, var det duka for ein ny danske: Thure Lindhart. Han er kjent for mellom anna hovudrolla i «Flammen & Citronen», samt rolle i storfilmen «Engler og Demoner».

Lindhart stod på plakaten for den nye sesongen, men produsentane har halde korta tett til brystet om kva rolle han har.

– Svært interessert i Saga

Då NRK nyleg intervjua skodespelaren i Malmö, var han framleis løyndomsfull om rolla som Henrik, men røpte følgjande:

– Det kjennest ikkje som om eg skal overta for nokon. Det er ei heilt ny rolle, og det blir ein heilt ny konstellasjon, så då skjer det andre ting.

Han meiner Henrik og Saga har fleire ting til felles.

– Han er svært interessert i Saga frå starten av, av forskjellige grunnar. Han forstår henne faktisk ganske godt. Han kan takle henne, og likar hennar spesielle sider.

BROEN III

Saga Norèn og hennar nye makker, Henrik, i sesong tre av 'Broen'.

Foto: Carolina Romare / Filmlance Int. /Nimbus Film

Tok Martin Rohde livet av Jens?

Sofia Helin, som spelar Saga, fortalte til NRK at ho sakna Kim Bodnia i serien, men:

– Som skodespelar er eg takknemleg for å spele ein karakter som ber på ei stor sorg, som det Saga gjer.

LES: – Ekstra vanskelig å spille inn «Broen 3»

Kim Bodnia var originalt skrive inn i dei første fire episodene av sesong tre, men bestemte seg for å hoppe av.

Av spørsmåla som dukka opp etter siste episode av sesong to, var mellom anna:

  • Kva lovbrot var det Saga Norén begikk for å fengsle foreldra sine?
  • Hadde verkeleg Martin Rohde tatt livet av Jens i fengselet?

Så står det att å sjå om vi får svar på dette i sesong tre.

SJÅ: Klipp frå «Broen» - sesong tre.

Spenningspakke - høst 2015

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober