Hopp til innhold

Korona øydela for festivalsommaren, men klarte ikkje å stoppe den heilt

Sleppefestar online, musikarar på soloturné, og artistar som må bli vane med å spele utan publikum i salen. Her får du noko av det beste frå festival-Noreg 2020.

Festivalsommer 2020

FESTIVAL: Det har vore mange konsertar sommaren 2020, og utdrag frå desse får du her. Frå høgre: Emilie Nicolas, Emilie Christensen (No. 4), Sondre Lerche, Linnea Dale, Jarle Bernhoft og Katrine Stenbekk (Kalandra).

Foto: Collage

Festivalane har i 2020 bydd på konsertopplevingar frå Risør Kammermusikkfest og Jørn Hilme-stemnet og Notodden Blues Festival. Det har også vore mogleg å få med seg konsert med Morgonrode på Førdefestivalen, DeLillos på Over Oslo, Ane Brun på Moldejazz og Mathias Eick på Nattjazz i Bergen.

Her er noko av det festivalsommaren har hatt å by på.

kultur1
Fra en konsert under Øyafestivalen i Oslo i 2020.

Øyafestivalen vart i år strøyma frå Klimahuset ved Naturhistorisk museum i Oslo, og der spelte Emilie Nicolas låtar frå albumet «Let her breathe», som ho sleppte i juni.

– Det var rart. Heile sommaren var klargjort, me skulle ut på turné, me skulle feire med livekonsertar. Ein mistar litt den piffen når heile verda blir stengt ned, sa Emilie Nicolas til Kulturstripa på P2 etter festivalen.

Releasepartyet skjedde via YouTube-kanalen til Emilie Nicolas, og etter å ha spelt både på Øya og på nettkonsertscenen «Royal Albert Home», kjenner ho at ho saknar publikum.

– For å vere heilt ærleg har det vore ein draum for meg i mange år å kunne spele inn på førehand, sånn at ein slepp nervane. Men, no har det skjedd, og no saknar eg at det er folk der, sa Nicolas til Kulturstripa.

– For meg har det vore ei veldig fin oppleving at eg faktisk har lyst til å reise stader og sjå folk når me speler for dei, sa ho.

kultur2
Fra en konsert i Håkonshallen under Bergenfest i 2020.

Under Bergenfest spelte Sondre Lerche konsert i Håkonshallen. Lerche, som har budd i USA dei siste 15 åra, tok den 14. mars valet om å reise frå Los Angeles og tilbake til Noreg. Rolling Stone Magazine har hatt oppslag om at å vere i Noreg meir eller mindre hadde redda karrieren hans.

– Eg skjønte at det som skjer her no, det trur eg norske myndigheiter kjem til å takle betre enn amerikanske. Og så stakk eg heim, og eg stod då på terskelen til å lansere ei ny plate, ein singel, video, og alt dette, sa Lerche til Festivalsommer på P2.

Plata «Patience» kom ut 5. juni, og i koronatida har Lerche mellom anna hatt brakkekonsert i stova, ein konsertserie i Emanuel Vigeland Mausoleum, har spelt med KORK og har vore på turné åleine.

– Det at eg reiste hit har nok bidratt til at eg kunne halde hjula i gang, på ein måte som eg ser at er heilt umogleg i USA, sa Lerche.

kultur3

Fra en konsert i Nidarosdomen i Trondheim under Olavsfest i 2020.

Då Kari Bremnes var gjest i Festivalsommer-sendinga på P2 fortalde ho at då ho spelte strøyme-konsert under Olavsfest, i Nidarosdomen. Ho spelte utan publikum, og det er noko ho måtte «jobbe seg inn i».

– Eg prøvde jo berre å tenke at det er slik det er, og at det er kanskje nokon der ute som er her inne saman med oss likevel, og prøvde å snakke til folk slik som eg opplevde det, sa Bremnes.

– Og så har eg dette vidunderlege bandet mitt då, så eg følte meg ikkje åleine på nokon måte likevel, sa ho.

FUNFACT: Dylan Thomas skreiv diktet «​​​​Do not go gentle into that good night» på dødsleie til faren sin i 1951. Kari Bremnes fekk omsetje teksten og komponerte musikk til, og dette vart til låten «​​​​​Gå ikkje rolig». Det er denne du kan sjå i klippet over.

kultur4
Fra en konsert i Nidarosdomen i Trondheim under Olavsfest 2020.

Ole Paus & Motorpsycho spelte også konsert i Nidarosdomen under Olavsfest. Samarbeidet er nokså nytt, og etter ein konsert i Oslo i februar fortalde Paus til NRK om dette, noko han også gjorde då han var med Drivkraft på P2.

Kven som kom opp med ideen, var han ikkje heilt sikker på.

– Eg trur det var ein slik skrivebordskonstruksjon der ein tenkte på å sette saman kva som passa minst mogleg her i landet, sa Paus.

Paus innlemma Motorpsycho i Rockheim Hall of Fame i 2016, sa han at dei kanskje ikkje likte at det var han som skulle gjere det. Det skulle vise seg å vere feil, for etter fleire år møttest Paus og Motorpsycho for å prate om å lage ei plate.

– Me likte kvarandre, men dei er utruleg dyktige og skikkelege folk, så dei vart forskrekka over meg. Under prosessen fram til å lage plate saman, slo me opp med kvarandre tre gonger, og til slutt hadde dei rett i det dei sa, at «det er ingen skam å gå i studio med ferdige songar», sa Paus.

– Så har me laga ei plate saman, og Gud hjelpe meg, det er det finaste eg har vore med på. Eg synest det har blitt fint, sa Paus.

kultur5
Fra en konsert under festivalen Midgardsblot i Borre i 2020.

Bandet Kalandra spelte under sommarsolkverv på Midgardsblot Metalfestival i Borre i Vestfold. Då var gitarist Jogeir Daae Mæland i Kalandra også med på regi då konserten deira skulle filmast. Planen var å «ikkje ville gjere ein litt dårlegare versjon av ein konsert».

– Me lét oss inspirere av NRK sakte-TV, og laga ei litt lengre sending med konsert på starten og så bålbrenning, samtalar, intervju, minikonsertar gjennom heile natta. Me avslutta sendinga med tidenes soloppgang, seier Daae Mæland.

2000 følgde sendinga på det meste, og på slutten var det 200 igjen.

– Det er nokon som har sagt at dette er noko av det beste dei har opplevd på internett, så det er heilt overveldande, seier Daae Mæland.

I oktober, etter ni år speling og produksjon av EP-ar og musikkvideoar, kjem det første albumet frå bandet. Deler av albumet vart spelt inn i Vang i Valdres, medan Daae Mæland var i isolasjon som assistent for Torstein Lerhol.

– Det er litt synd å seie det, men korona gav oss tid, seier Daae Mæland.

kultur6
Fra en konsert under Moldejazz 2020. Arild Andersen Group er Arild Andersen, bass, Helge Lien, piano, Marius Neset, saksofon og Håkon Mjåset Johansen, trommer.

Sjå Arild Andersen Group frå konserten deira under Moldejazz 2020. Arild Andersen Group er Arild Andersen på bass, Helge Lien på piano, Marius Neset på saksofon og Håkon Mjåset Johansen på trommer.

Arild Andersen opplevde også «total stopp» då det vart koronanedstenging, og han fekk mykje administrativ jobb og lite speling. No håper han at konsertane som vart flytta til vinteren og våren, vert noko av.

– Om ein flyttar konsertane ein gong til, skal ein kontakte musikarar og høyre om dei er ledige, kjøpe nye flybillettar, og den administrasjonen er mykje meir enn å berre booke vanlege jobbar som eg har gjort i 50 år, seier Andersen.

Med Arild Andersen Group har han mellom anna spelt på Moldejazz (som i klippet over), Sildajazz, Oslo Jazzfestival, og han spelte inn opptak i april til den digitale jazzfestivalen «Jazz fra Sentralen».

– Den ettermiddagen var det tre-fire band som spelte inn sin del, så då trefte eg plutseleg mange musikarar og vener, så den ettermiddagen var kjempegøy, seier Andersen.

30-årsjubileet for Vossajazz-tingingsverket til Andersen, «Sagn», skulle ha blitt feira med fleire konsertar, men mange av desse vart avlyste. Fire konsertar vart det likevel i september, og verket er også planlagt til Vossajazz i 2021.

– Me øvde i går, og det var fantastisk. Musikken er frå 1990, og me plukka det opp igjen no med så godt som same bandet. Det er Helge Norbakken på perkusjon i staden for Nana Vasconselos som døydde for fire år sidan. Det blir fint å spele det, seier Andersen.

kultur7

Fra en konsert i Sofienberg kirke i Oslo under Piknik i parken-festivalen 2020.

Då poptrioen No. 4 spelte i Sofienberg kirke i Oslo under Piknik i parken-festivalen i juni, var dette den første festivalen av mange som vart strøyma på DNB sine nettsider. Vokalist og låtskrivar, Emilie Christensen syntest det var spanande å spele i ein slik setting.

– Eg vart merkeleg nervøs, og følte på ein måte eit «studiopress» på å prestere, så var nokon til stades i salen, og det var første gong på utruleg lenge. Det kjendest som ei lita gåve for oss, seier Christensen.

Bandet har, i tillegg til Piknik i parken, spelt ein livestreamkonsert, og hadde også ein dag i juli der dei spelte fire konsertar på rad på same scene, som ein «No. 4 gonger fire».

– Det var eit slags sinnssjukt påfunn me hadde for å få spelt for mange og for å få litt ut av det. Det var utruleg slitsamt, og sjukt gøy, seier Christensen.

Elles føler Christensen at koronatida har «sett bandet tilbake» då ho kjenner det er vanskeleg å motivere seg for vidare jobbing.

– Eg synest det er vanskeleg å sjå for seg kva me går i møte framover, og det er avgrensa kor mange gonger ein har moglegheit og lyst til å levere digitalt. Då skal ein iallfall finne på noko unikt, seier Chistensen.

kultur8
Fra en konsert under Høllafest i Lofoten i 2020.

Då Anna Kajander spelte på heimebane under Høllafæst i Svolvær i Lofoten vart dette tatt i opptak og deretter strøyma av DNB på deira nettsider. Det var ein av få framføringar ho gjorde i sommar.

– Det var gøy og fint å sjå at ein kunne få til noko trass situasjonen, seier Anna Kajander.

At framføringa vart bra var ikkje sjølvsagt, for Anna Kajander trudde eigentleg dei skulle spele dagen etter, og bandet fekk difor berre to timar på å førebu seg og øve.

– Det var litt artig. Eg synest det er artig når det skjer uventa ting. Då må ein liksom berre ordne det, og så kjennest det så ekte og bra når ein får det til, seier Kajander.

Ho gav ut album i februar i år, og fekk ikkje det artiståret ho hadde håpa på. Kajander kjenner likevel koronatida har gitt rom til å lage nytt materiale.

– Det er ikkje så mykje ein kan gjere med det nye, endå. Det har tatt vekk litt press på at ein skal prestere hundre prosent, seier Kajander.

kultur9
Fra en konsert under Stormfestivalen i Trondheim i 2020.

Bigbang skulle eigentleg ha vore på turné i 2020, men då dette ikkje vart noko av, fekk vokalist Øystein Greni med seg Petter Unstad frå bandet Kråkesølv. Planen var å gjere det meste sjølv for å minske kostnadane, og duoen Øystein Greni & The Social Distance Man spelte mellom anna på Stormfestivalen i Trondheim.

– Det var den andre konserten me gjorde, så eg trudde ikkje det var noko særleg med folk frå arrangørsida. Eg hadde med eigen miksar, eigne mikrofonar og leidningar, og eg gjorde teknikk, monitorteknikk, absolutt alt, seier Greni.

Han syntest det vart for mykje jobb, i tillegg til at det var kaldt og regna. Difor opplevde han at konserten ikkje gjekk så bra som han ville.

– Publikum verka nøgde, men det var ein hard dag på jobben, seier Greni.

I koronatida har han også brukt tida godt ved å komponere og skrive låtar med andre. Han ser likevel fram til å kunne spele konsert for fleire enn 200 personar igjen.

– Det er klart det kjem til å bli kjempegøy å spele vanlege konsertar der folk står som sild i tønne og kan skrike kvarandre opp i trynet og kline og gjere kva dei vil, seier Greni.

– Det er fint med dette også, at det set ting i perspektiv, at ein skjønar kor bra liv me har når det er normale tilstandar, seier han.

kultur10
Fra en konsert under Moldejazz 2020. Med Marte Eberson på piano.

Då Ane Brun vart spurt om å spele konsert på Moldejazz, var ho i Noreg, og ho som til vanleg bur i Sverige, måtte då finne norske musikarar. Ho fekk med seg Marte Eberson på tangentar.

Som gjest i Festivalsommer på P2 fortalde Brun om korleis det var for 18 år sidan då ho debuterte som artist. Ho trur det var enklare då, og påpeika at i dag får ikkje nye artistar verken godt betalt for ein konsert, eller pengar inn på CD-sal.

– Streaming set aldri i gang før etter ei stund. Det er ein veldig vanskeleg situasjon å halde på over tid fordi den økonomiske situasjonen blir så vanskeleg, så du blir veldig avhengig av støtte frå forlag eller plateselskap for at det skal kunne fungere, sa Brun.

Sjølv seier ho at ho klarer seg godt i koronatida, fordi ho har ein stor katalog med musikk, som gir jamn inntekt på strøyming, og som også gir inntekt gjennom film og TV.

– Eg kjem ikkje til å søke nokon pengar i år, for dei som skal ha pengane, må få dei, sa Brun.

kultur11
Fra en konsert i skogen under Livestockfestivalen i Alvdal i 2020.

Jarle Bernhoft er også ein av dei artistane som tenkte alternativt, og køyrde solo sommaren 2020. Då han spelte på Livestockfestivalen, på eit skytefelt i Alvdal i Østerdalen i Innlandet, reiste han dit åleine med elpiano og nokre gitarar. Han hadde allereie jobba med det han kallar eit «intimkonsert-venleg konsept».

– Der har eg prøvd å finne ut korleis eg kan spele utan mikrofon, og gjere det i små settingar. Eg føler det er noko med nærleiken til uttrykket som kanskje forsvinn litt når det blir veldig store produksjonar og mykje lys, og ikkje fullt så mykje varme, sa Bernhoft til Festivalsommer på P2.

Soloprosjekt passa bra då landet stengde ned.

– Eg har hatt meir å gjere enn eg eigentleg skulle ha i vår og sommar. Dersom eg tar på den egosentriske hatten, så har det vore eit «krøsus» år for meg, sa Bernhoft.

kultur12
Fra en konsert under Notodden Blues Festival 2020.

Linnea Dale jobbar for tida med nytt album, og ho har brukt våren og sommaren på å vere med dei to barna som er to år og eit halvt år. Dale opplevde også avlysingar og at konsertar vart utsette, men har likevel fått til ein liten turné på mindre arrangement.

– Det har vore ei veldig spesiell stemning på dei konsertane, for alle set så utruleg pris på å vere der, både publikum og oss artistar, seier Dale.

Dale gjorde også eit filmopptak av ei låt på plassen der ho kjem frå, nemleg i Tinn på Rjukan. Dette vart ein del av Notodden Blues Festival si musikalske reise langs stader som er på Unesco si verdsarvliste.

På lista finn ein Rjukan-Notodden industriarv som vart etablert av Hydro for å produsere kunstgjødsel frå nitrogen i lufta, og difor vart også videoen til Dale spelt inn på den gamle industriferja til Hydro.

– Eg synest det er ei veldig spanande historie om løysingar ein kan finne gjennom innovasjon og teknologi, som eg tenker er ekstra inspirerande i desse tider når ein har klimaendringane og desse store problema me står ovanfor, seier Dale.

Sjå meir av festivalane

Sjå meir musikk

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.