Golden Globes-utdelinga er vanlegvis ei laussleppt prisutdeling der stjernene blir heidra med prisar medan dei et og drikk godt, og blir rekna som starten på prissesongen i Hollywood.
I år blei det eit annleis år. Pandemien har ført til stengde kinoar og utsetting av filmpremierar. Strøymetenestane dominerte difor nominasjonane.
Netflix hadde ein god kveld. «The Crown» blei kåra til beste TV-drama. I tillegg fekk skodespelarane Josh O'Connor (prins Charles), Emma Corrin (prinsesse Diana) og Gillian Anderson (Margaret Thatcher) prisar for innsatsen sin i serien.
Netflix-serien «The Crown» fekk fleire Golden Globes i natt. Josh O'Connor og Emma Corrin var blant prisvinnarane for sine tolkingar av prins Charles og prinsesse Diana.
Foto: Des Willie / NetflixNetflix kunne også glede seg over pris for beste miniserie til «The Queen's Gambit». I tillegg fekk Anya Taylor-Joy pris for beste kvinnelege hovudrolle i ein miniserie.
Men for den store førehandsfavoritten «Mank» blei det ein skuffande kveld. Netflix-filmen var ein favoritt med seks nominasjonar, men enda med å gå tomhendt heim.
Anya Taylor-Joy spelar sjakkgeniet Beth Harmon i miniserien «The Queen's Gambit».
Foto: CHARLIE GRAY / NETFLIXHistorisk kvinne
I kategorien beste drama var det kinofilmen «Nomadland» som fekk prisen. Filmen handlar om ei kvinne, spelt av Frances McDormand, som legg ut på ei reise gjennom USA etter at selskapet ho jobbar for gjekk konkurs.
Filmen er skriven og regissert av Chloé Zhao. Ho fekk også prisen for beste regi, og blei med det den første asiatiske kvinna som har fått regiprisen.
– For meg er «Nomadland» ei pilegrimsreise gjennom sorg og lækjedom. For alle som har gått gjennom denne vanskelege og vakre reisa på eitt eller anna tidspunkt i livet. Vi seier ikkje farvel. Vi seier: Vi sjåast på vegen, sa ho i takketalen sin.
«Nomadland» med Frances McDormand i hovudrolla vann prisen for beste drama. Regissør Chloé Zhao (t.v.) blei den andre kvinna i historia som har fått Golden Globe for beste regi.
Foto: Searchlight Pictures / APZhao er den andre kvinna gjennom tidene til å få Golden Globe for regi. Barbra Streisand var det den første som vann for «Yentl» i 1984.
I år var det dessutan først gong det var eit fleirtal kvinner nominert i regikategorien. Tre av dei fem nominerte var kvinner. Dei var med det den sjette, sjuande og åttande kvinna som er nominert til Golden Globe for beste regi.
Koronavennleg utdeling
Utdelinga blei leia av komikarane Tina Fey og Amy Poehler for fjerde gong. .Dei tok avstandskrava på største alvor der dei leia showet frå kvar sin kyst. Fey var i New York, medan Poehler var i Beverly Hills.
På grunn av restriksjonane blei det heller ingen raud løpar, og alle dei nominerte var heimanfrå.
Prisutdelinga blei leia av Tina Fey i New York og Amy Poehler i Beverly Hills.
Foto: NBC / APKveldens første vinnar, Daniel Kaluuya, som vann pris for beste birolle i filmen «Judas and the Black Messiah», blei offer for ein velkjend situasjon i pandemiens nettmøte. Han hadde gløymt å skru på mikrofonen sin.
Filmen «Borat Subsequent Moviefilm», som er ein oppfølgar til «Borat»-filmen frå 2006, fekk pris for beste komedie. I tillegg fekk Sacha Baron Cohen pris for beste mannlege hovudrolle i ein komedie.
– Donald Trump godtek ikkje resultatet, sa Cohen då han takka for prisen. Filmen er ein satire over USA under Trump.
Fekk pris etter sin død
Skodespelaren Chadwick Boseman døydde av kreft i august i fjor, 43 år gammal. Hans siste jobb var i Netflix-filmen «Ma Rainey’s Black Bottom».
Under prisutdelinga blei han heidra etter sin død med prisen for beste skodespelar i eit drama.
Chadwick Boseman i «Ma Rainey’s Black Bottom».
Foto: David Lee/NETFLIX / David Lee/NETFLIXDet var kona hans, Taylor Simone Ledward, som tok i mot prisen:
– Han hadde takka Gud. Han hadde takka foreldra sine. Han hadde takka forfedrane sine for rettleiinga dei gav han og det dei hadde ofra. Og så hadde han sagt noko vakker, noko som inspirerer, sa ho.
Kritikk for manglande mangfald
Medan lista over prisvinnarar kunne verke å ha eit visst mangfald, har organisasjonen som deler ut prisane, Hollywood Foreign Press Association, HFPA, måtte tole kritikk blant anna for manglande mangfald i organisasjonen.
Medlemmane er journalistar som dekker det som skjer i filmbyen for publikasjonar ulike stader i verda.
Visepresident Helen Hoehne i HFPA lova endringar i organisasjonen for å sikre meir mangfald.
Foto: NBC HANDOUT / ReutersBlant dei 87 medlemmane som er med i lauget, som får stemme på kven som skal få dei ulike prisane under Golden Globes- utdelinga, er det ingen svarte.
Under nattas utdeling lova HFPA bot og betring.
– Vi vedgår at vi har ein jobb å gjere. Vi må få svarte journalistar inn blant våre medlemmar, sa visepresident Helen Hoehne.
Oscar-komiteen har tidlegare også fått kritikk for å ha for lite mangfald. Dei har også sett i gang eit arbeid for å rette opp i dette.