Hopp til innhold

Her er den nye Beat for beat-pianisten

Lars Andreas Aspesæter (27) fra Gjerstad tar over tangentane etter Gisle Børge Styve.

Lars Andreas Aspesæter tar over som pianist i NRKs Beat for beat.

23. oktober får det populære NRK-programmet ny pianist: Lars Andreas Aspesæter, utdanna ved Norges Musikkhøgskole og tidlegare kjent frå NRKs Julemorgen.

– Å få denne jobben er ein barndomsdraum, så det er litt surrealistisk at det no skal skje. Som liten leika eg faktisk Beat for beat heime, seier Aspesæter.

Han har spelt piano sidan han var fire år gammal, vore frilansmusikar i ei årrekke og spelar i band med Frøydis Grorud, som er saksofonist i Beat for beat.

– Yngre og penare utgåve av meg

No erstattar han Gisle Børge Styve, som har vore med i programmet dei siste 16 åra. Styve går god for etterfølgjaren:

– Eg likar alt han står for. Han er ei yngre og penare utgåve av meg. Men musikkfagleg er han kome mykje lenger enn eg hadde då eg byrja, seier han.

Har du noko Beat for beat-triks som du kan vise vidare til Aspesæter?

– Spel så lite som mogleg, eigentleg, seier han og demonstrerer.

Gisle Børge Styve viser sine triks vidare til Lars Andreas Aspesæter.

Fleire auditionar

NRK hadde fleire kandidatar inne til audition før Aspesæter fekk tilbodet.

I denne rolla må ein raskt kunne sjå musikalske løysingar og hoppe på låtar spontant. Aspesæter har den evna, i tillegg til at han ein sjarmerande og dyktig fyr, seier prosjektleiar i Beat for beat, Stian Malme, om valet.

Får jobbe med Dyrhaug og Pettersen

Frå før av er det kjent at Atle Pettersen tar over for Ivar Dyrhaug som programleiar . Også han tidlegare kjent frå Julemorgen. Dermed er det eit generasjonsskifte på gang i det tradisjonsrike programmet. Aspesæter får jobbe ein halv sesong med Dyrhaug, før Pettersen tar over.

– Eg gler meg til å sjå korleis Atle Pettersen vil løyse programleiarrolla. Det er artig at han er aktiv musikar sjølv, seier Aspesæter.

Held fram med eigen karriere

Gisle Børge Styve oppgir eigne prosjekt som grunnen til at han forlèt NRK-programmet.

– Eg er så aktiv som artist og med eigen trio at eg måtte ta eit val. Det har vore veldig lærerikt og fylt av leik, humor og musikk, seier han.

Han tar no farvel med eit program han har jobba med ein tredjedel av livet.

Lars Andreas Aspesæter tar over som pianist i Beat for beat. Gisle Børge Styve (t.h.) har trua.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober