NRK Meny
Normal

Her er dei mest populære salmane

Folk flest syslar gjerne ikkje så mykje med salmar til dagleg, men berre du tenkjer deg om kjem du nok på nokre. Kanskje har du til og med ein favoritt?

Salmebok

TAR SI TID: Det kjem til å ta 60 timar å syngje seg gjennom dei 899 salmane i salmeboka. Det blir om lag 15 salmar i timen.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

Enten du har ein favoritt eller ikkje, i helga kan du sjå og høyre alle dei 899 salmane i salmeboka bli sunge i kronologiske rekkefølgje direkte på NRK2 og nrk.no.

LES OGSÅ: Salmesangen er i gang

For nokre år sidan kåra lyttarane til «Salmer til alle tider» dei ti beste salmane skrive dei siste hundre åra. «Salmer til alle tider» har gått NRK P1 i 21 år, og Helge Gudmundsen har vore programleiar alle desse åra. I helga skal han ause av sin salmekunnskap på TV under «Salmeboka minutt for minutt»

Helge Gudmundsen
Foto: Jon-Annar Fordal / NRK

– Eg synest det er heilt fantastisk at me no skal syngje heile salmeboka direkte på TV. Eg har vakse opp med salmesong i heimen, og far min har faktisk skrive ein av salmane i den nye salmeboka, seier Helge.

Her får du lista over dei ti beste salmane saman med nokre ord om kvar salme. Dei er skrivne spesielt for «Salmeboka minutt for minutt» av Vidar Kristensen som leia arbeidet med den nye salmeboka. Desse orda kjem til å rulle over TV-skjermen når salmane blir sunge.

LES OGSÅ: Dette er et helt sprøtt konsept

Dei ti beste salmane

1. Navnet Jesus (nr. 86)

En tekst fra en offiser i Frelsesarmeen, David Welander − delvis skrevet på toget mellom Oslo og Lørenskog. Melodien er fra Sør-Afrika, men har mer europeisk enn afrikansk preg

2. Fagert er landet (nr. 759)

Salmen blei til da Anders Hovden var prest i Krødsherad. Ein stjerneklar vinterkveld gjekk han på ski ved Krøderen, og blei djupt gripen av naturen. Da han kom inn, skreiv han salmen.

3. Det er makt i de foldede hender (nr. 631)

I år etter år ble denne sangen sendt i Ønskekonserten i NRK, innspilt av Lage Wedin i 1964. Den toppet aldri noen årsliste, men er blant de mest spilte gjennom alle tider.

4. Fylt av glede over livets under (nr. 586)

Svein Ellingsens salme har vært den mest brukte dåpssalmen her i landet i flere tiår. I salmeboka står den også på nordsamisk og sørsamisk.

5. Guds menighet (nr. 536)

I 1942, da Ronald Fangen var sluppet ut av tysk fangenskap, skrev han tekst til en kantate til 100-årsjubileet til Det norske misjonsselskap. Salmen er fra denne kantaten.

6. O Jesus du som fyller alt i alle (nr. 354)

Aage Samuelsen – «broder Aage» – var en landskjent predikant. Han brøt med pinsebevelsen i 1957 og stiftet menigheten Maran Ata. Denne sangen har nådd inn i de fleste kirkesamfunn.

7. Jeg er i Herrens hender (nr. 494)

Erling Tobiassen skrev sangen etter at svigerfaren på dødsleiet hadde sagt: «Jeg er i Herrens hender.» Sigurd Lundes melodi kom seinere. Nå har tekst og melodi vært ett i mer enn 60 år.

8. Jesus det eneste (nr. 422)

Verken forfatter eller komponist har andre salmer i salmeboka enn denne. Ole Theodor Moe var prest. Caroline Volla Sørlie var kordirigent i Domkirken og Trefoldighetskirken i Oslo.

9. Eg veit i himmelrik ei borg (nr. 822)

Ein salme som mange er glad i. Det er kyrkjelyden som syng starten og slutten, mens tre vers i midten er lagt i munnen på Kristus, og blir ofte sunge av ein solist.

10. Ikke en spurv til jorden (nr. 324)

Ingeborg Prytz Fougner var filolog og forfatter, og utgav flere diktsamlinger. Sigurd Lunde skrev melodien i 1973, fire år før han ble biskop i Stavanger.

Og her er Twitter-favorittane ...

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

LES OGSÅ: Hør den sørkoreanske TV-stjernen synge "Alltid freidig" - på norsk