Hopp til innhold

Her er bunadsråda frå ekspertane

Kor mykje sølv kan ein lesse på bunaden? Skal ein bruke hovudplagg når ein er gift? Slik kler du deg korrekt i bunad 17. mai.

Bunadssølv

Detalj frå brudedrakta i Hardanger. Før i tida kunne ein ofte skilje ugifte frå gifte ved å sjå på mengda sølv på bunaden. Slik er det ikkje lenger i dag.

Foto: Laila Duràn / Duran Publishing

Bunaden er det mest tradisjonsrike plagget vi har og det heng igjen mange gamle normer for kva tilbehøyr ein bør bruke. Det meste er knytt til om ein er gift eller ikkje.

– Skikkane er utarbeidd i tråd med folkeskikken. At det finst så mange normer for bruk av bunadane heng saman med det gamle bondesamfunnet der skiljet mellom gifte og ugifte var viktig, seier Anne Kristin Moe, dagleg leiar i Norsk institutt for bunad og folkedrakt.

Scandinavian Folklore

Anne Kristin Moe, dagleg leiar i Norsk institutt for bunad og folkedrakt.

Foto: Laila Duran / Duran Publishing
  • Kjenner du til andre bunadsskikkar? Del dine tips nederst i saka!

Både luebruk, farge på strømpebuksene og mengde sølv på bringa kan avsløre om du er gift eller ugift. Nokre plassar, mellom anna på Sunnmøre, skal ein kle seg i svarte strømpebukser dersom ein er gift og raude dersom ein er ugift.

– Vi kan sjå på bilete og slå fast kva tilbehøyr folk historisk sett brukte til bunaden. Skikken med raud eller svart strømpebukse vart bestemt av dei som brukte bunaden før i tida, fortel Moe.

Mindre sølv før

Ifølgje redaktør i Magasinet Bunad, Heidi Fossnes, var det ofte mengda sølv som før viste om ei kvinne var gift eller ei.

– I dag får mange unge jenter sølvbelte til konfirmasjonen, før fekk ein det ofte i tilknytning til bryllupet. Jentene hadde gjerne eit tekstilbelte, men ikkje i sølv. Generelt var det mykje mindre sølv før enn i dag på jentene, seier Fossnes.

Les også:

Når det gjeld hovudplagg varierer det mykje frå stad til stad kva det symboliserer.

Scandinavian Folklore

Det er ulike skikkar for kva tilbehøyr ein skal bruke til bunadane. Men ekspertane er einige: Det er opp til deg sjølv å bestemme. Her er bunadar frå Setesdal.

Foto: Laila Duran / Duran Publishing

– Dei aller fleste brukar hovudplagg både som ugift og gift. Nokre brukar hårband i staden for, og når dei blir gift må dei bruke konelue eller skaut. Andre stadar brukar også jentene lue, og får deretter konelue eller skaut, seier Heidi Fossnes.

– Kva om ein er sambuar?

– Ifølgje ekspertane: Føler du deg gift, så kler du deg som kone. Det finst ikkje strenge reglar for det, det er opp til deg, seier Fossnes.

Nytt bunadstilbehøyr

Dei siste åra er det komt mykje nytt tilbehøyr til bunadane som ikkje er historisk korrekt: Paraplyar, mobilvesker, øyredobbar og solbriller.

Norsk institutt for bunad og folkedrakt er skeptiske til det kommersielle aspektet ved å lage nytt bunadstilbehøyr.

– Ein kan like godt bruke diskret tilbehøyr i svart som å kjøpe seg ein eigendesigna bunadsparaply eller mobilveske. Dette er ting som opprinneleg ikkje har høyrt til bunaden og det er unødvendig å lasse på bunaden med alle desse tinga. Men det er sjølvsagt lov, seier Anne Kristin Moe.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kronprinsfamilien hilser barnetoget på Skaugum

Kongefamilien er gode ambassadørar for bunaden. Her er kronprinsesse Mette-Marit, kronprins Haakon, prinsesse Ingrid Alexandra, prins Sverre Magnus og Marius Borg Høiby 17. mai 2009.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Slik unngår du å trå feil

– Det som er veldig fint for å få ein autentisk silhuett er at bunaden sit godt og ikkje subbar i bakken, meiner Heidi Fossnes.

Ho gir desse råda for å unngå dei vanlegaste bunadsfeila:

  • Bruk hovudplagg dersom det høyrer til bunaden, for det gir ein meir riktig heilskap.
  • Har ein langt hår bør ein prøve å vippe inn håret med hårband, det gir ein fin heilskap til bunaden. Då brukar du eit langt hårband på cirka 2,5 meter, og lagar to musefletter som du tullar inn i hårbandet slik at det formar ein krans rundt hovudet.
  • Veldig mange sølv- og gullsmedar lagar øyrepynt, men tradisjonsmessig blei det ikkje brukt øyrepynt dei fleste plassane.
  • Viss ikkje ein har bunadssko bør ein bruke enkle, svarte og lave sko. Det viktigaste er at dei ikkje stikk seg ut.

Her er tipsa frå Norsk institutt for bunad og folkedrakt:

Bunadssølv

Detalj frå brudedrakta i Hardanger. Før i tida kunne ein ofte skilje ugifte frå gifte ved å sjå på mengda sølv på bunaden. Slik er det ikkje lenger i dag.

Foto: Laila Duràn / Duran Publishing

Kan eg bruke sølv som ikkje høyrer til bunaden?
Viss du har arva sølv, kan du gjerne bruke dette. Elles anbefaler vi at du bruker sølv som er utforma til bunaden.

Kva slags strømper skal eg bruke?
Vi tilrår knestrømper eller strømpebukse i ull eller bomull. Dei ulike bunadene har strømper i ulike fargar. Kva som høyrer til din bunad kan du få informasjon om hjå ditt lokale husflidsutsal eller bunadnemd.

Skal ein ha på seg trøye og hovudplagg inne?
Trøya bør vere på, spesielt i formelle høve, som til dømes kyrkjebruk. Menn skal etter tradisjonen ta av seg hovudplagget inne, medan kvinnene beheld det på.

Kva sko skal eg bruke til bunaden?
Vi anbefaler bunadsko, t.d. Klaveness. Enkle svarte sko eller sko / støvlettar med snøring kan også brukast.

For vidare lesning om bunadsskikkar: «Scandinavian Folklore» (Duran Publishing) av Laila Duràn.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober