Hopp til innhold

Dette blir trendy i 2012

I 2012 vil vi la oss inspirere av klassikaren «The Great Gatsby», oransje, gull, futurisme og fargar som stoppar trafikken.

The Great Gatsby

Mia Farrow og Robert Redford i 1974-versjonen av 'The Great Gatsby'. I 2012 er filmen igjen aktuell som stilinspirasjon.

Foto: NRK
GUCCI

Gucci med 20-talsstil.

Foto: OLIVIER MORIN / Afp
STELLA MCCARTNEY

Mønstermiks frå Stella McCartney.

Foto: PATRICK KOVARIK / Afp
Marni

Oransje frå Marni. Ein av dei store fargane i 2012.

Foto: OLIVIER MORIN / Afp
EMILIO PUCCI

Gullkjole frå Emilio Pucci, signert Peter Dundas.

Foto: FILIPPO MONTEFORTE / Afp

Året er enno ikkje byrja, men kva som blir dei store trendane i 2012 er allereie klart. For tilbake i månadsskiftet september/oktober viste dei store designhusa sine visjonar for våren og sommaren 2012.

Vi har samanfatta nokre av dei største trendane som går igjen blant designarane, basert på desse visningane. Trendane er i realiteten bestemt over eitt år i forvegen og kjem til å bli hyppig kopiert av kjedebutikkar og folk på gata.

«The Great Gatsby»

Fleire av motebiblane, som britiske Elle, framhevar 1920-talet som stilinspirasjon og set det i samanheng med at storfilmen «The Great Gatsby» kjem ut på ny, med Leonardo Di Caprio og Carey Mulligan i hovudrollene.

Nyinnspelinga har ikkje premiere før 25. desember 2012, så sjå gjerne 1974-versjonen med Robert Redford og Mia Farrow for inspirasjon.

Blant anna har italienske Gucci og Etro latt seg inspirere av denne stilepoken. Motehusa viste lange flapperkjolar (kjolar som rekk til kneet, med frynser nederst), perlekjeder, låge hælar og korte bobsveisar i ein typisk 1920-talsstil. Art deco-inspirerte mønster gjekk igjen hos mange designarar.

Mønstermiks

Sterke og oppsiktsvekkjande mønster regjerer 2012-sesongen. Alt frå blomster til geometriske figurar til papegøyer og futuristiske mønster. Designarar som Stella McCartney blandar ulike mønster til ein vill miks - ofte i sterke fargar og med glitter.

I mars kjem Hennes & Mauritz igjen på bana med eit designsamarbeid - denne gongen saman med designhuset Marni. Marni er kjent som mønstermiksens meister, og det er difor ikkje utenkjeleg at denne kolleksjonen vil sette sitt preg på trendåret.

Fargeblokker, oransje og pastell

«Catwalkane var fylt med meir fargar enn eit Lady Gaga-publikum», skreiv Glamour og framheva fargeblokker som ein av dei store trendane for 2012. Designaren Marc Jacobs er eit godt døme på det.

Oransje og tangerine veks fram som den store overraskinga, og gjekk igjen i mange kolleksjonar. Pastellane er også med - men denne sesongen som bleike neonfargar. Kjedebutikken Topshop kallar det «trafikk-stoppande fargar som har ligge ute i sola eit par dagar».

Metallmania

Balmain held fram med sin «biker-chic» stil, med mykje gull, glitter og naglar. Vogue samanlikna plagga med matador-kostymer. Metalliske fargar blir stort også i 2012, spesielt for våren og sommaren. Både i heile klesplagg og som detaljar på jakker, jeans og tilbehøyr.

«Jenter som har som levebrød å bli fotografert og andre som lever for å bli fotografert vil ikkje kunne vente med å ta på seg desse kleda», meinte Vogue om Peter Dundas Pucci-kolleksjon. Den var også full av metall.

I februar/mars før vi får svaret på kva som gjeld for hausten og vinteren. Då går motevekene av stabelen - i New York, London, Milano og Paris, først og fremst.

LES MEIR OM MOTE OG DESIGN HER

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober