Hopp til innhold

Her blir scena frå 1945 skapt på nytt

Torsdag spelte NRK inn festscenene frå då kongefamilien gjekk i land i 1945. – Eg håper kong Harald kjenner at vi prøver å gjere dette med så mykje hjarte som mogleg, seier Sofia Helin.

Sofia Helin og Tobias Santelmann som Märtha og Olav

BLIR SKAPT PÅ NYTT: Skodespelarane Sofia Helin og Tobias Santelmann som kronprinsesse Märtha og kronprins Olav skapte saman med statistar jubelscenane frå 1945 på nytt.

Foto: Morten Wien Solberg / Cinenord/NRK

I vind og regn gjekk kong Haakon i land like ved Rådhuset i Oslo morgonen 7. juni. Bak han følgde kronprinsesse Märtha, prins Harald, prinsesse Astrid og prinsesse Ragnhild.

På brygga venta kronprins Olav som hadde komme heim saman med fem av regjeringas medlemmar 13. mai.

Gatene i hovudstaden var pynta med blomster, vimplar og norske flagg. Akkompagnert med sirenene frå skip som låg til hamn i Oslo, tok folkehavet imot dei kongelege flyktningane med øyredøyvande jubel.

VARM VELKOMST: Etter fem år i eksil, kunne den norske kongefamilien vende trygt heim att. I Oslo blei dei møtte av ei stor folkemengde som hadde stilt opp for å ønske dei velkomne heim.

I eit intervju med NRK i 2015 fortalde prinsesse Astrid korleis ho og søskena opplevde å stige på land i Oslo i 1945:

– Vi var ikkje førebudde på den veldige begeistringa som var, og ho var faktisk litt skremmande. Vi kjende oss veldig utrygge fordi vi var ikkje vande med å opptre saman med familien. Og så blei vi plutseleg flytta inn i den galskapen som var her. Det var ei ganske stor forandring.

Innspeling av Atlantic Crossing

STATISTAR: 120 statistar var med på den aller siste innspelingsdagen av serien.

Foto: Vibeke Cederkvist / NRK

Måtte lære seg norsk

I dramaserien følger vi kronprinsesse Märtha, spelt av svenske Sofia Helin som er kjent frå «Broen».

I løpet av åra i USA fekk kronprinsessa eit svært nært forhold til den dåverande amerikanske presidenten Franklin D. Roosevelt.

Det har vore spesielt for Helin å spele ein person som faktisk har levd, og ho måtte bruke ekstra tid for å finne ut korleis ho skulle spele denne rolla.

– Eg har vore meir audmjuk enn eg elles ville ha vore, spesielt når eg tenker på at kong Harald faktisk har hatt henne som mamma. Eg håper han kjenner at vi prøver å gjere dette med så mykje hjarte som mogleg.

Sofia Helin

PRINSESSE: Sofia Helin har brukt mykje tid på å lære seg norsk.

Foto: ROY KENNETH SYDNES JACOBSEN / NRK

For å gå inn i rolla som kronprinsesse, gjorde Helin grundig førebuing. Ho besøkte blant anna det kongelege slottet i Stockholm, gjekk på etikettekurs og skaffa seg eigen norsklærar for å lære seg norsk.

– Det er krevjande å veksle mellom norsk, svensk og engelsk. På slutten var vi i USA, og då blir det meir amerikansk-engelsk. Det har vore ei utfordring, seier ho til NRK.

Sju månadar

Torsdag spelte NRK og produksjonsselskapet Cinenord inn den historiske dagen på nytt.

Over dei siste sju månadane har produksjonen brukt 100 dagar på å spele inn TV-serien, som skal komme på TV på nyåret i 2021 i form av åtte episodar.

Regissør og manusforfattar Alexander Eik synest det er herleg å komme i mål med innspelinga, spesielt på ein stad som denne:

– Det er noko symbolsk å skulle avslutte på same stad som kongefamilien kom i hamn i 1945.

Innspeling av Atlantic Crossing

FARTØY: Fleire skip og båtar hadde møtt opp for å ta imot kongefamilien i 1945. Her frå innspelinga av Atlantic Crossing.

Foto: Vibeke Cederkvist / NRK

Saman med May Kallestein begynte han å skrive manuset tilbake i 2011. Han innrømmer at det var vanskeleg å lage ei spennande historie basert på ei sann hending.

– Det har vore ei utfordring å balansere det å vere sann mot det historiske grunnlaget opp mot det å skape ei engasjerande og medrivande forteljing, seier Eik.

Skodespelarane og 120 statistar skal ved hjelp av spesialeffektar skal bli gjort om til kongefamilien sitt møte med dei jublande folkemengdene som tok stad i 1945. Også marineskip og andre fartøy er med på den siste innspelingsdagen.

Store namn i rollene

Atlantic Crossing har sikra seg fleire store stjerner, både norske og utanlandske.

Den amerikanske presidenten blir spelt av Kyle MacLachlan frå «Sex og Singelliv» og kultserien «Twin Peaks».

Kyle MacLachlan

STJERNE: Kyle MacLachlan kjent frå blant anna «Twin Peaks», speler president Franklin D. Roosevelt i NRK-serien.

Foto: Courtesy of Showtime

Eit av dei store spørsmåla rundt serien, er om dei vil skildre Märtha og Roosevelt sin relasjon som noko meir enn berre eit veldig nært vennskap. Skodespelar MacLachlan har tidlegare sagt at «dei hadde utvilsamt eit sterkt følelsesmessig band».

– Roosevelt likte å ha kvinner rundt seg. Og kronprinsesse Märtha var ei av kvinnene som betydde veldig mykje for han, fordi dei delte same oppfatningar om kva som gjekk føre seg i verda og kva Hitler dreiv med.

Tobias Santelmann som er kjent frå blant anna «Kon-Tiki» og «Mordene i Kongo» speler rolla som kronprins Olav i serien.

Innspeling av Atlantic Crossing

HEIME: I 1945 steig kong Haakon med familie i land på Honnørbrygga like ved Rådhuset i Oslo.

Foto: Vibeke Cederkvist / NRK

Kulturstrøm

  • Sangtekster har blitt enklere, mer repeterende, aggressive og selvopptatte

    Et team av europeiske forskere har analyserte ordene i mer enn 12.000 engelskspråklige sanger, på tvers av sjangrene rap, country, pop, R&B og rock fra 1980 til 2020.

    Ifølge studien, som ble publiser torsdag, har sangtekster blitt enklere og mer repeterende. Tekstene har også blitt mer aggressive og selvopptatte i løpet av de siste 40 årene, skriver The Guardian.

    En av forskerne bak studien, Eva Zangerle, understreker at sangtekster kan være et «speil av samfunnet», som gjenspeiler hvordan en kulturs verdier, følelser og opptatthet endrer seg over tid. Studien trakk ikke frem hvilke artister funnene gjaldt.

    Sangtekster
    Foto: AP
  • Harvard fjerner bokomslag laget av menneskehud

    Prestisjeuniversitetet Harvard sier de har fjernet menneskehud fra innbindingen av en bok de har hatt i ett av bibliotekene sine i over 90 år.

    I 2014 ble det oppdaget at en bok var bundet inn med huden til en død kvinne.

    Harvard, som regnes som det eldste universitetet i USA, har tidligere utnyttet interessen rundt bokens morbide historie. Da det ble oppdaget at det var brukt menneskehud i innbindingen ble det omtalt som «gode nyheter for både tilhengere av innbinding med menneskehud, bokfantaster og kannibaler». I et blogginnlegg samme år skrev Harvard at praksisen med å binde bøker i menneskehud tidligere hadde vært forholdsvis vanlig.

    (NTB)