Hopp til innhold

Her blir Brækhus angripen på «Skavlan»

Svenske Mikaela Laurén synest Cecilia Brækhus er ein kald person. Brækhus svarar med å invitere ho med på kino.

Den norske proffboksaren Cecilia Brækhus er éin av gjestane i kveldens sesongpremiere på «Skavlan». Der møter ho den neste motstandaren sin, svenske Mikaela Laurén.

Da dei to konkurrentane møttest på ein pressekonferanse tidlegare i september, var det amper stemning og krangling.

I kveldens episode av «Skavlan» gjentek Laurén kritikken mot Brækhus.

– Ho er ein kald person

Når Skavlan spør Laurén kva ho meiner med at Brækhus er kald, kjem ho med eit verbalt åtak.

– Ho er ikkje ein varm, hjarteleg person som byr på seg sjølv. Vi har vore sparringpartnarar ved fem tilfelle, og ho har aldri spurt om vi skulle finne på noko.

Laurén fortel vidare at sjølv om ho driv med sport og har høge mål, så er det viktig for ho å ha det artig undervegs.

– Eg går gjerne ut og et middag og viser fram Stockholm. Men slik er ikkje Cecilia. Eg vil seia at ho er litt kald.

Brækhus

SIST GONG DEI MØTTEST: Dette bilde er frå 2010, då dei to boksarane vog seg før dei møtte pressa på eit handlesenter utanfor Rostock i Tyskland.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

Er ikkje venninner lenger

Cecilia Brækhus ler av kritikken frå Laurén, men synest ho seier slemme ting.

– Det er ikkje rart eg ikkje vil gå på kino med henne, fleipar ho.

Men Brækhus inviterer boksekollegaen med på kino og kaffi etter at dei skal møtast 21. oktober. Laurén tek ikkje i mot tilbodet.

– Eg er ikkje interessert lenger, eg ser ikkje på deg som ein ven.

Dei to boksarane kranglar òg om ein tidlegare påstand om at Brækhus er tjukk.

– Du har kalla meg tjukk på svensk tv, seier Brækhus til latter frå publikum.

– Eg har ikkje kalla deg for ein tjukkas, men du hadde faktisk problem med å klare vekta, parerer Laurén.

Sjå resten av «Skavlan» på NRK1 fredag klokka 21.25 eller på NRK TV klokka 15.00.

Blir eit fyrverkeri

Dei to boksarane har møtt kvarandre éin gong tidlegare. I 2010 enda det med ein knockoutsiger for Brækhus i den sjuande runden. Og ho er sjølvsikker framfor den neste kampen.

Cecilia Brækhus

VANN FOR SJU ÅR SIDAN: Cecilia Brækhus forsvara VM-titlane sine i boksing, og erobra motstandar Mikaela Laurén sin eine med knockoutsiger i 7. runde.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

– Eg trur det kjem til å bli eit fyrverkeri av ein kamp. Dette er noko Laurén har drøymt om i fleire år, og det er tydelegvis høgdepunktet i karrieren hennar, sa Cecilia Brækhus etter pressekonferansen 6. september.

Laurén meiner at ho har større sjansar for å slå Brækhus nå enn for sju år sidan, da ho var fersk i boksing.

Kampen skal gå 21. oktober i Stokke Oslofjord Convention Center.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober