Hopp til innhold

Hemmeleg skrift på førarkortet ditt

Visste du at blant anna songen "Mellom bakkar og berg" står på førarkortet ditt?

Jan Edvard Isachsen
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Alle nye førarkort fram til i fjor har songen "Mellom bakkar og berg" skriven på seg.

Skjult skrift på førarkort

Heilt nede i høgre hjørne kan ein sjå første verset av songen 'Mellom bakkar og berg'.

Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Bitte-bitte-lite

Klarar du ikkje å sjå den?

Om du tek førarkortet ditt og ser bakpå, heilt nede i høgre hjørne kan du kanskje sjå ei lita skrift, der står altså første verset i songen.

Det er ikkje enkelt å sjå det, men det er der nok. Dei som har fått seg førarkort det siste året har fått eit anna vers på same staden, og den er på samisk.

HØR: Små skjulte ting på førarkortet

Skjult skrift på førarkortet

Kan du sjå at det står 'Statens Vegvesen' mange gongar etter kvarandre på linja ved bokstavane?

Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Meir enn song

Det er meir enn song som står på kortet. Bakpå førarkortet er det fleire striper som går nedover. Stripa til venstre her er ikkje ei stripe, det er tekst som er så liten at du kanskje trur det er ei stripe.

Her står det "Statens Vegvesen", fleire gongar etter kvarandre.

SJÅ: Bilder av den skjulte skrifta på førarkortet ditt

Meir enn det og

Der bildet ditt er kan ein sjå ei stripe over ansiktet (litt forskjellege frå kort til kort), som går i bølgjer. Kan du sjå den?

Her skal det altså stå "Mellom bakkar og berg ut med havet Mellom bakkar og berg ut med havet".

Skjult skrift på førarkortet

Klarar du å sjå denne linja på ditt eige førarkort?

Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Endå meir

Å ja da, det er meir på kortet. Det skal stå noko på håvamål og på kortet. Det skal faktisk stå eit råd på håvamål på kortet ditt.

Dette skal stå ved hovudteksten på forsida. I det bølgja mønsteret ved namnet ditt eller fødselsnummeret ditt.

- Det betyr rett og slett at du ikkje må drikke øl før du reiser ut, for det er dårleg niste. Det gjeld jo og når du kjører bil, og no i 2008, fortel Jan Edvard Isachsen ved Vegdirektorat.

Kvifor?

No lurar du kanskje på kvifor alt dette står på førarkortet ditt?

- Vi fekk beskjed frå produsenten av førarkortet at vi måtte skaffe noko mikrotekst , og då syns vi det var naturleg å finne noko som var skikkeleg norsk.

Skjult skrift på førarkort

Bakpå kortet står det nok meir enn du kan sjå med første augekast...

Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Nynorsk mot forfalsking

Og det var ikkje tilfeldig at det blei songen "mellom bakkar og berg".

- Vi tok eit vers som for mange nordmenn kjenner, men som er litt annleis, sidan vi skriv "bakkar" med a. Eg vil tru at spesielt utanlandske forfalskarar ikkje er heilt klar over korleis vi skriv ting her i landet, og så spesielt på nynorsk.

Dette fekk Jan og ein kollega av han til og med mållaget sin målpris, målblomen, for.

Sjekk med ditt eige førarkort, du vil nok sjå det!

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober