Illustrasjonar er henta frå Snorre sine kongesagaer,
Gyldendal Norsk Forlag 1979
Olav sørgar over Geira. Ill.: Frå Snorre
I Russland møtte Olav tidleg den store kjærleiken. Jenta han forelska seg i, var Geira, dotter til kong Burislav av Vendland. Geira og Olav gifta seg svært unge, og saman styrte dei over riket. Geira og Olav fekk berre tre år saman, før Geira blei sjuk og døydde. Olav tok tapet av kona svært hardt, og orka ikkje bli i landet lenger, etter at Geira var borte.
Vikingtokt
18 år gammal bestemte Olav seg for å dra i viking. Han drog på vikingferder til Frisland, Saksland, England, Suderøyane, Man og Irland. Olav herja voldsamt og røva til seg store rikdommar.
I England møtte Olav ein kristen einebuar som kunne spå om framtida. Einebuaren fortalde kva store oppgåver som låg framfor Olav. Olav let seg kristna, og så gjekk ferda heim til Noreg med fem langskip.
Ein populær fyr
Olav Tryggvason sloss med to sverd samtidig. Foto: Hybris Film
I 995 blei Olav krona til konge. Soga fortel at Olav var blid, veltalande og svært godt likt av vennane sine. Han var ein dyktig bogeskytar, og han sloss med to sverd samtidig. Det har blitt fortalt at han likte å gå på årane utanbords mens karane rodde skipet hans, Ormen Lange. Sjølv om Olav var snill med vennene sine, kunne han vera hard mot fiendane sine.
Kristendomen
Olav Tryggvason saman med ein biskop. Foto: Hybris Film
Som konge i landet tok Olav til med å byggja kyrkjer, og han frakta prestar frå England som skulle hjelpa han i kristninga av landet. Ikkje alle som budde i Noreg var like begeistra for kristendomen. Soga fortel at Olav ville kristna ein mann som heit Raud. Men Raud nekta, og sa at han aldri ville tru på Kristus. Då let kongen Raud binda opp mot ein bjelke, opna kjeften hans med ein pinne og heldt ein orm opp over munnen til heidningen. Men ormen ville liksom ikkje gli ned i gapet på Raud. Til slutt tok derfor kongen luren sin, sette den mot munnen til Raud og slapp ormen oppi. Så truga han ormen med eit glødande jern, til han smatt ned i gapet på Raud og drap han.
Olav og Sigrid
Sigrid og Olav. Ill.: Frå Snorre
Olav var glad i fine damer, og det var ei dame som blei døden hans. Kong Olav ville gjerne gifta seg med Sigrid Storråde som var det beste giftet i Norden. Sigrid var stolt og hissig, og ho hadde drepe to tidlegare friarar ved å brenna dei inne. Men Olav var ein mann Sigrid godt kunne tenka seg å ha til ektemann. Mens Olav sette sin lit til Kvitekrist, dyrka Sigrid framleis dei gamle gudane. Olav sa han ikkje kunne gifta seg med ein heidning, og meinte Sigrid måtte la seg kristna. Det ville ikkje Sigrid, og det heile enda i ein krangel der Olav til slutt slo Sigrid i ansiktet med hansken sin. Like etter Olav sitt katastrofale frieri, gifta Sigrid seg med danskekongen Svein Tjugeskjegg. Olav gifta seg med Tyra, som var søster til kong Svein. Sigrid var ikkje den som gløymde Olav sin oppførsel mot henne, og ho gjorde alt for å tirra mannen sin til å drepa Olav.
Slaget ved Svolder
Sigrid fekk hemnen sin. I år 1000 blei Olav drepen i eit slag mot danskekongen, Svein Tjugeskjegg, og svenskekongen, Olav. Hærane møttest ved Svolder. Sidan Svolder er eit stadnamn som ikkje finst i dag, er forskarane ueinige om det låg i Øresund eller i Østersjøen langt sør på Danskekysten. Snorre fortel at slaget var hardt, og at mange blei drepne. I begynninga klarte Olav og mennene hans seg bra i kampen. Ein av mennene til Olav stod ved masta på skipet Ormen Lange og skaut med pil og boge mot Eirik jarl på eit av fiendeskipa. Han heldt fleire gonger på å treffe jarlen.
- For veik, for veik er kongen sin boge! Ill.: Frå Snorre
Snorre fortel:
- Då sa jarlen til ein mann: - Skyt den store mannen ved masta, du!
Mannen skaut, og pila traff Einar sin boge på midten. Einar spente bogen for tredje gong, slik at den brast i to. Då sa kong Olav:
- Kva brast så høgt?
Einar svara:
- Noreg av di hand, konge!
- Det var vel ikkje så stor brist, sa kongen, - ta min boge og skyt med den!
Så kasta han bogen sin til han. Einar tok bogen, drog den straks ut forbi odden på pila og sa:
- For veik, for veik er kongen sin boge!
Så slengde han bogen tilbake og tok skjoldet og sverdet og kjempa.
Nokre seier at Olav drukna i dette slaget ved Svolder, mens andre seier han klarte å koma seg unna. Dette veit vi ikkje noko sikkert om, men Olav Trygvason kom aldri tilbake til Noreg.
Kjelder: Snorre sine Kongesagaer
Historien om Norge , Bind 1, av Karsten Alnæs