Det handlar sjølvsagt også litt om pengar. Men i følgje Hege Oldervoll treng ein ikkje å skulde på pengar i dette tilfellet. Det kostar å hente inn kjende amerikanske eller europeiske jazzartistar.
- Men det kostar langt mindre å booke norske artistar som er like gode, smiler Hege Oldervoll, dagleg leiar av Trondheim Jazzfestival.
Senter i Trondheim
Solid, Inderøy Gledesorkester, Come Shine, Kåre Nymark & Funky Butt, Urban Connection. Artistane triller nærmast ut på rekke og rad frå Jazzlinja til Musikkonservatoriet i Trondheim. Jazzfestivalen treng difor ikkje å gå langt for å fylle opp programmet.
- Det er så mange gode artistar frå Jazzlinja. Eg trur mange vil høyre meir av desse artistane. Difor har vi også fylt opp programmet med namn frå Musikkonservatoriet.
- Kor gode er dei?
- Dei er i verdsklasse. Det har vi fått masse tilbakemeldingar på. Sjå berre på Trondheim Jazzorkester som i desse dagar har turnert saman med verdas kanskje beste jazzgitarist Pat Metheny. Musikararne hentar stadig inn prisar i utlandet og vert booka til kjende festivalar. Det er ingen tvil om at dette er førsteklasses musikarar.
Programmet
Onsdag 31.10: Jazzlinja med komande jazzstjerner
Torsdag 1.11: Folkemøte, Speak Low, Trondheim Jazzorkester m/Jon Balke, Strønen & Storeløkken JAM!!!
Søndag 2.11: JøKleBa
Mandag 3.11: Almost Mitchell, Solid!
Tirsdag 4.11: SPUNK & Trondheim Symfonietta, Urban Connection, Velvet Lunz Orchestra
Onsdag 5.11: TSO & Come Shine, Dizu Plaatjies & Inderøy Gledesorkester, Hot Club de Norvége, Feathered Friends
Torsdag 6.11: Sissel Vera Pettersen & Nikolaj Hess (DK), Elin Rosseland Trio, Aire & Angels, Hanne Hukkelberg, Virgo, Fiber
Fredag 7.11: Kåre Nymark & Funky Butt, Kapstad/Alterhaug Trio, Asmund Bjørken kvintett m/Jan Erik Kongshaug, Nils Petter Molvær & Wibutee
Lørdag 8.11: Bjørn Vidar Solli/Jens Kalleklev, Jazz Mazzørene, Ungdommens Jazzkafe, Knut Borge Milestones, Silje Nergaard, Espen Horne m.fl.