Ramona Myren er frå bygda Fræna utanfor Molde. Sidan ho høyrde Mariah Carey på radioen fyrste gong har ho alltid hatt lyst til å synge. Dei siste åra har ho vore med i fleire band samt satsa på musikkskule. Det blei likevel ikkje nok for 18 åringen frå Nordvestlandet.
Fri frå skulen
- Nei eg trengde meir tid og har tatt eit år fri frå den vidaregåande musikklinja her i Molde. No kan eg konsentrere meg om musikk heile døgnet.
Ramona sitt store førebilete er Ani DiFranco. Foto: Amy J. Putnam / photomunk@ajputman.com
Ramona har vore vokalist i fleire lokale band i Molde området, men vil no heller satse på eit eiget prosjekt.
- Eg treng tid for å utvikle meg som artist og brukar difor mykje tid på å bli betre. Det er ikkje berre å skrive ein låt rett fram, den skal arbeidast med svært grundig.
Meir akustisk?
Med låta ”Aimer” er Ramona vekevinnar av P1 demo den siste veka i november. Songen er produsert av Snorre Rønning som arbeider ein del som dj. Det har gjeve låta eit svært ”tett” lysbilete, noko Ramona gjerne vil arbeide vidare med.
- Eg kan gjerne tenke meg å få fram stemma mi endå betre. Kanskje det blir litt meir akustisk etterkvart?