Hopp til innhold

– Denne heldt meg inne heile våren

På niårsdagen fekk Helene Bøksle to cd-ar av foreldra: «Abba Gold» og «Klassiske favoritter». Det var Dvoráks niande symfoni som fekk henne til å sitje inne framfor cd-spelaren heile våren.

Helene Bøksle

Antonin Dvorák, Edvard Grieg og Johann Sebastian Bach er nokre av komponistane Helene Bøksle set størst pris på.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Med ein far som er visesongar og ei mor som er dramapedagog, vart det mykje musikk i oppveksten for Helene Bøksle, som er først ut i serien med artistar som anbefaler sin klassiske favorittmusikk.

– Klassisk musikk var ein veldig sterk del av vår familie, seier Bøksle.

– Det første eg kan hugse, er at mor spelte «Barnesymfonien» av Leopold Mozart for oss. Seinare dramatiserte vi «Dei fire årstidene» av Vivaldi, og då eg var seks år, dramatiserte vi heile «Nøtteknekkeren» av Tsjajkovskij.

– Gjekk rett inn i hjartet

Musikkinteressa nådde nye høgder då ho fekk ei boks med klassiske favorittar til niårsdagen.

– Å høyre Dvoráks niande var mitt første ordentlege møte med klassisk musikk, seier ho.

– Musikken gjekk rett inn i hjartet med ein gong. Den våren sat eg heller inne framfor stereoanlegget enn å vere ute for å leike. Eg kjenner kvar tone i musikken, og kan høyre den igjen og igjen utan å verte lei.

Høyr Kringkastingsorkestret dirigert av Jan Söderblom spele frå symfonien:

– Hang over senga til eg flytta heimafrå

Då Helene Bøksle var 11, vitja familien Gjendebu i Jotunheimen, der Gjendine Slålien vart fødd i 1871. Som 20-åring møtte Gjendine Edvard Grieg, og song mellom anna for han det som skulle verte kjent som «Gjendines bådnlåt».

– Det gjorde sterkt inntrykk både å sjå steinbua der ho vart fødd, og å høyre opptak der ho i høg alder song bådnlåten, seier Bøksle.

– Griegs songar har følgt meg sidan, og særleg denne. Vi kjøpte med eit kort frå turen, med notane til Gjendines bådnlåt. Kortet hang på veggen over senga mi til eg flytta heimafrå.

Høyr 85-årige Gjendine synge «Gjendines bådnlåt» i eit opptak frå 1956:

Stressar ned med Bach på flyet

Helene har om lag 200 reisedøgn i året, og roleg musikk hjelper henne til å slappe av når det vert for hektisk.

– Det er lett å verte stressa på lange flyturar, hovudet kan vere fullt av tankar, seier ho.

– Eg brukar mykje roleg musikk for å stresse ned. Eg lyttar til dømes ofte på Bachs klaverkonsertar med Murray Perahia som solist. Det er meditativ musikk som eg vert veldig roleg av. Den klarnar opp i tankane og reinsar lufta i vitet mitt.

Høyr Murray Perahia spele frå Johann Sebastian Bachs klaverkonsert nr. 5, saman med orkesteret Academy of St. Martin in the Fields:


Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.