Hopp til innhold

Hele opposisjonen vil ha bevaring

Samtlege opposisjonsparti på Stortinget ønskjer no å behalde den klassisk kunsten i Nasjonalgalleriet, stikk i strid med regjeringa sin plan om å flytte.

Nasjonalgalleriet
Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Striden rundt det nye Nasjonalmuseet og bevaringa av Nasjonalgalleriet held fram.

Tidlegare denne veka blei det kjent at opposisjonspartia ønskte å gjere Nasjonalmuseet til ei valkampsak , etter at dei ikkje fekk ei ordentleg handsaming i Stortinget.

No har Krf bestemt seg, og står saman med Høgre, Venstre og FrP om at Nasjonalgalleriet bør bli bevart som visningsstad for den klassiske kunstarven.

- Restaurering kan vere løysinga

Hans Olav Syversen (KrF)

Hans Olav Syversen, Krf.

Foto: Odd Naustdal /KrF

- Vi ønskjer å behalde Nasjonalgalleriet der det er, så sant det er fagleg forsvarleg, seier Hans Olav Syversen, stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti.

Debatten har rasa i fleire månadar etter at regjeringa og kulturminster Trond Giske kunngjorde si avgjerd om å flytte Noregs nasjonale kunstarv ut av det tradisjonsrike Nasjonalgalleriet frå Tullinløkka og over til eit nybygg på vestbanetomta ved kaia i Oslo.

Ulf Erik Knudsen i Framstegspartiet meiner ei restaurering er løysinga.

- Vi meiner bygninga er så knytta til innhaldet, at vi burde sjå på mogelegheitene til å restaurere den til ein meir tidsriktig institusjon. Den gamle kunsten i Noreg høyrer heime her.

- Bevaring vil styrke det nye museet

Stortingsrepresentant Ulf Erik Knudsen

Ulf Erik Knudsen, FrP.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Høgre ønskjer å knytte det gamle Nasjonalgalleriet til eit nytt hovudmuseum på vestbanetomta, men vil i motsetnad til regjeringa nytte pengar på ei full oppgradering av Nasjonalgalleriet, seier kulturpolitisk talsman Olemic Thommessen.

- Det er ei bygning som er laga for å syne kunst. Vi trur det ligg spanande potensiale for museet til å syne den klassiske kunsten her, eller finne gode måtar å anvende bygninga på som vil styrke Nasjonalmuseets tilbod til publikum.

Venstre går også inn for å bevare den klassiske kunsten i Nasjonalgalleriet.

Framleis usemje om Nasjonalmuseet

Olemic Thommessen.

Olemic Thommessen, Høgre.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Der dei fire opposisjonspartia har landa på eit felles standpunkt om Nasjonalgalleriet, er dei foreløpig usamde om kva eit nytt Nasjonalmuseum på vestbanetomta skal romme.

Høgre legg seg tettast opp til regjeringspartia.

- Vestbanetomta må vere sjølve hovudbasen for museet, og vi meiner dette bør byggjast ut slik det er planlagt, seier Thommessen.

Venstre har tidelgare sagt at dei kun ønskjer eit samtidskunstmuseum på vestbanetomta. Også FrP har vore inne på dette, men ikkje konkludert enno.

Krf fryktar at det påtenkte Nasjonalmuseet blir for stort, og ønskjer seg eit mindre museumsprosjekt.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober