Da e helsebot i heismusikk, kvar tone er medisin. Vetle-Ivar er i alle høve skeptisk, men medgjer at han likar heismusikk.
To forskarar frå Wilkes universitetet i Seattle har forska og funne ut at når du høyrer heismusikk, så stimulerer det produksjonen av ei stoff som heiter immunoglobulin A.
Lurt å høyre heismusikk
Her heisen til den nye kongeleiligheita på Slottet. Kanskje også dei spelar musakk. Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX
Immunoglobulin A er eit protein som verkar som motstoff mot infeksjonar som for eksempel forkjølelse. Dess meir av dette proteinet du har, dess meir motstandsdyktig er du mot forkjøling. Og for å få mest mulig av dette proteinet er det lurt å høyre mest muleg heismusikk.
Ein liten detalj som gjer at denne forskninga er litt usikker er at den viktigaste sponsoren til dette forskningsarbeidet var James Harrison frå selskapet Muzak, eit selskap som distribuerer bakgrunnsmusikk.
Med sin eminente engelsk, ringer Tokvam til Muzak for å høyra meir om dette stoffet, men dei kan ikkje bekrefta at musakk hjelp mot forkjøling.
Vetle-Ivar syns det heile luktar uglar i mosen, og meiner sjølvsagt at det er betre å høyre på ekte Nynorsk enn såkalla musakk.
- Dette (musakk Red anm.) er det tosknaste eg har høyrd siden Erling Lae sist opna kjeften, seier han i ein kommentar.
Ønskereprise
Til slutt i dagens Radio Røynda presenterer Vetle-Ivar etter utallige oppmodingar reprise på verdas beste historie, fortalt av Øystein Tokvam.
Klikk på lenka i medieboksen over for å høyre Radio Røynda om heismusikk.
Tilrettelagt for web av Per Kristian Johansen.
Norgesglasset NRK P1 26.02.2004